Stoppa bil i fartskontroll, men føraren hadde ikkje førarkort

Einar Vereide i UP stoppa onsdag ein bilførar ved Eikefjord i 107 km/t. Og det viste seg at førarkoret var kverrsett for kort tid sidan.

Einar Vereide i UP stoppa onsdag ein bilførar ved Eikefjord i 107 km/t. Og det viste seg at førarkoret var kverrsett for kort tid sidan. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

TRAFIKK: Stoppa seks i kontroll på riksveg 5.

DEL

Utrykkingspolitiet i Vest politidistrikt gjennomførte fartskontroll på riksveg 5 ved Eikefjord onsdag ettermiddag, og måtte stoppe seks bilførarar for at dei hadde for høg fart i 80-sona på Knapstad.

– Vi må vedgå at vi vart litt overraska då vi stoppa ein bilførar for å ha halde 107 km/t forbi kontrollen. For det viste seg raskt at han nemleg ikkje hadde førarkort. Det hadde nemleg blitt kverrsett for kort tid sidan. Visstnok forbi han ikkje hadde skrapa vekk isen i frontruta si, og deretter vart stoppa. Så han må nok vente seg eit meir alvorleg oppgjer, seier Einar Vereide til Firda etter kontrollen.

Nye satsar

Kontrollen på riksveg 5 vart halden i tidsrommet 12.00 til 15.00

– Dessutan fekk to bilførarar forenkla førelegg for bruk av mobiltelefon, seier Vereide og viser til at etter nyttår så har satsane for dei fleste overskridingane auka. Med alt frå femti til 250 kroner.

– Det kan vere greitt at folk sett seg inn i dei nye satsane, og ser kva det kostar å bryte reglane, seier Vereide.

Les også: Frå nyttår vert det dyrare å køyre for fort.

Artikkeltags