Skal kjempe for livet til Bamse i ny rettssak

Artikkelen er over 5 år gammel

Hundeeigarane held fram kampen for å heve vedtaket om at hunden deira skal avlivast, skriv VG.

DEL

Det var i 2013 at striden om hunden Bamse starta i Viksdalen. Etter ein episode der ein tysk hytteeigar fekk eit kutt på underarmen etter kontakt med hunden, melde tyskaren forholdet til politiet som vedtok å avlive hunden.

Tapte i tingretten

Hundeeigarane Sissel-Karin og Lars Anton Kleiven gjekk til sivilt saksmål for å få endra vedtaket, etter at dei ikkje vann fram med klage til Politidirektoratet.

Paret tapte i Fjordane tingrett, sjølv om tingretten meinte skadane tyskaren fekk ikkje stemmer overeins med at Bamse skal ha bite seg fast i underarmen hans, slik tyskaren hevdar.

«Retten finner det imidlertid overveiende sannsynlig at Bamse påførte NN kuttet enten helt i starten av angrepet eller i forbindelse med at NN forsvarte seg mot Bamses angrep. At det ikke er tale om et bite ut fra vanlig språklig forståelse, kan etter rettes syn ikke anses å være av avgjørende betydning», skriv tingretten i dommen.

Ein nabo sa også i retten at han hadde følt seg utrygg overfor hunden.

Opp i Gulating lagmannsrett

Motpart i saka som skal opp 20. august i Gulating lagmannsrett er Regjeringsadvokatane, og advokat Arne Johan Dahl seier til VG at dei der kjem til å hevde at dommen frå tingretten er korrekt.

– Vi meiner at avgjerda om avliving er riktig, og kjem til å prosedere på at tingrettens dom, der vi blir frikjent, er ein riktig dom, seier han til VG.

På Facebook er gruppa «Hjelp Bamse med å få rettferdighet.» likt av 21.000 menneske.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken