Gjekk konkurs, men opna igjen dagen etter. No vil Picasso selje alkohol igjen

EIGAR: Dagleg leiar, Mehdi Ezati, framfor Picasso restaurant.

EIGAR: Dagleg leiar, Mehdi Ezati, framfor Picasso restaurant. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Ein torsdag i januar gjekk Picasso restaurant konkurs. Dagen etter opna dei dørene att. No vil dei ha skjenkeløyvet tilbake.

DEL

Picasso restaurant på sørsida i Førde har no søkt om nytt skjenkeløyve. I søknaden går det fram at planen er å fortsette med konsept som tidlegare: sal av pizza og smårettar.

Picasso søker no om å få selje både øl, vin og sprit.

Restauranten gjekk konkurs på ein torsdag, men allereie dagen etter var den open igjen. Då hadde eigar og dagleg leiar, Mehdi Ezati, fiksa nye betalingsavtalar.

Då Firda snakka med Ezati i januar, fortalde han at planen er å fornye seg på fleire måtar.

– Vi har kjøpt nye stolar. Eg synest lokalet vart finare no og ser positivt på framtida. No er planen å lage ein ny meny og forsøke å reklamere litt meir for oss sjølve. Vi har trua på at dette skal gå bra, sa Ezati då.

Ezati tok over restauranten for vel eit halv år sidan. Då var det allereie mykje gjeld knytt til restauranten.

Artikkeltags