Har betalt for mykje pengar til Den katolske kyrkja – vil ikkje ha pengane tilbake

FOR MYKJE ARBEID: Rådmann Atle Fasteland tilrådar kommunestyret om å ikkje vedta tilbakebetaling frå Den katolske kyrkja.

FOR MYKJE ARBEID: Rådmann Atle Fasteland tilrådar kommunestyret om å ikkje vedta tilbakebetaling frå Den katolske kyrkja. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

GAULAR: Rådmannen meiner prosessen vil vere for arbeidskrevjande.

DEL

Gaular kommune har i perioden 2011 til 2015 betalt inn 158.587 kroner for mykje til Den katolske kyrkja. Rådmann i Gaular, Atle Fasteland, har gitt beskjed til formannskapet at han ikkje ønskjer at det vert gjort vedtak om tilbakebetaling av beløpet.

– Mi grunngjeving for dette er at det er mykje arbeid for relativt lite pengar for ein liten kommune. Eg er ikkje heilt sikker på om dette er rett, men det er dette eg har landa på, seier Fasteland.

Over 40 millionar totalt

KS har sendt ut brev til alle kommunar i landet. Bakgrunnen er at det i 2014 vart avdekt at Den katolske kyrkja i fleire år har kravd tilskot etter trussamfunnslova for personar som ikkje var lovleg registrert som medlemmer av kyrkja.

Mellom 2011 og 2014 fekk kyrkja utbetalt ca. 40,5 millionar kroner meir i statleg tilskot enn bispedømmet hadde krav på etter trussamfunnslova. Samla uriktige ubetalte kommunale tilskot i perioden legg sannsynlegvis på omtrent same nivå, opplyser KS.

Medlemmene skal ha blitt registrert etter søk i telefonregister utan at personane vart kontakta. I 2015 betalte 384 kommunar tilskot til Den katolske kyrkja.

Tilskot varierer

KS har tilbydd kommunane å hjelpe til i kravet om tilbakebetaling, men kvar enkelt kommune må sjølv fatte vedtak om omgjering av tidlegare vedtak om utbetaling av tilskot, samt avgjere om dei vil krevje tilbakebetaling for mykje utbetalt beløp.

Tilskotet varierer etter kor mange medlemmer den enkelte kommunen har.  

– Vi har ein viss oversikt over kor mange av innbyggjarane som er medlemmer av den katolske kyrkja. Vi har og har hatt fleire innbyggjarar med denne tilknytinga dei siste ti åra enn tidlegare. Men eg meiner likevel at den tida det vil ta å finne ut av dette, vil gje oss for lite tilbake, seier Fasteland.

Kommunestyret i Gaular skal ha saka opp til handsaming 19. juni. Fasteland er ikkje sikker på om dei kjem til å gå for hans innstilling.

– Truleg har vi stort sett betalt for dei som skal ha tilskot. Vi kan ikkje tenkje at alle har lurt oss, seier han.

Den katolske kyrkja har anka saka til Borgating lagmannsrett.

Artikkeltags