Ærverdige hotell til sals – igjen

TIL SALS: Hotel Mundal i Fjærland er enno ein gong til sals.

TIL SALS: Hotel Mundal i Fjærland er enno ein gong til sals. Foto:

Av

Dei gamle og ærverdige hotella Hotel Mundal i Fjærland, Tørvis Hotell i Luster og Eidsbugarden Hotel i Jotunheimen er til sals igjen.

DEL

Med i salsporteføljen er denne gongen òg Rondablikk Høyfjellshotell på Kvamsfjellet og Nigardsbreen Lodge i Jostedal, skriv Telemarksavisa.

Samla har dei fem turisthotella ein marknadsverdi på 75 millionar kroner, ifølge meklarfirmaet M2 Megling i Skien.

– Porteføljen ligg ikkje ute med noko prisforslag, men går til høgstbydande, seier meklar Tommy Aaby i M2 Megling til avisa.

Av dei fem hotella er berre tre i drift. Hotel Mundal ligg brakk og treng oppussing, mens den stengde Nigardsbreen Lodge burde ha godt marknadspotensial med den store turisttilstrøyminga der i sommarsesongen, meiner meklaren.

Artikkeltags