Reknar med 50.000 besøkande i år

Artikkelen er over 2 år gammel

STRYN: Pendelbana i Loen skal lokke turistane til fjells. Laurdag opnar det dei meiner blir eit ikon i fjordnorge.

DEL

Å sveve til fjells på fem minutt. Med 45 graders stigning i snitt.

Når pendelbana Loen Skylift opnar laurdag, får uttrykket frå fjord til fjell eit nytt nivå.

– Det er ein strålande følelse å skulle opne. Vi er veldig nøgde med å ha fått det til, seier Leif Riksheim, styreleiar i Hoven Loen AS.

– Ikon i Fjord-Norge

Pendelbana går frå fjorden i Loen til fjellet Hoven med sine 1011 meter over havet. Etter den fem minutt lange oppturen kjem du til toppen, der du har panoramautsikt mot Skåla og Lovatnet i aust, Jostedalsbreen og Olden i sør, og ut Nordfjorden og vidare mot Stryn i vest.

Restauranten på toppen har plass til 350 gjester. Glasfasaden som lener seg utover, gir eit utsyn over Nordfjord-naturen. Mindre enn to år etter at anleggsarbeidet starta, opnar skyheisen. Marita Lindvik, reiselivssjef i Visit Nordfjord, gler seg.

– Loen Skylift blir omtalt som det største fyrtårnet vi har på Vestlandet, som det største ikonet i Fjord-Norge. Det kjem til å få ringverknadar for reiselivet og næringslivet elles i området, seier ho.

Bygd for turistar

Første året reknar dei med 50.000 besøkande. Ifølge Riksheim er dette eit pessimistisk tal ifølge andre gondolbane-drivarar dei samanliknar seg med. Tur-retur-billetten kostar 485 kroner. I fjor kom 109.500 cruiseturistar til Olden. I år er det venta 145.000, ifølge Visit Nordfjord.

– Ein kalkulerer med at halvparten av dei som vil ta heisen, er cruiseturistar. Dette er laga for turisten. Her kan ein gå tørrskodd, i høge hælar om ein vil, inn i bana og til restauranten, og likevel oppleve naturen. Samtidig ligg alt til rette for vandring, ski eller trugetur, dette er for alt frå den aktive til den softe turisten, seier Lindvik.

TURSTIAR: Styreleiar Leif Riksheim meiner den heilskaplege tanken rundt prosjektet er avgjerande. – Du kan ikkje sleppe tusenvis av folk opp i terrenget utan å tilrettelegge. Det er gjort her.

TURSTIAR: Styreleiar Leif Riksheim meiner den heilskaplege tanken rundt prosjektet er avgjerande. – Du kan ikkje sleppe tusenvis av folk opp i terrenget utan å tilrettelegge. Det er gjort her. Foto:

Reiselivssjefen peikar på at pendelbana blir eit produkt som alle kan bruke.

– At rullestolbrukarar kan komme seg til 1000 meter over havet på få minutt er fantastisk, meiner ho.

Les også: Stor pågang til Skåla Opp 2017

Kor ideen bak gondolbana kom frå, kan ikkje styreleiar Riksheim seie sikkert.

– Det er nok mange som vil ha far- eller morskapet til ideen, så kvar det kom først, torer eg ikkje seie, men ideen har nok lege der lenge. Den fekk nok fart på seg då ein fekk til Via Ferrata, seier styreleiaren.

KOM FØRST: I 2011 var Via Ferrata-ruta i Loen bygd, og sommaren 2013 kom den 120 meter lange Gjølmunnebrua.

KOM FØRST: I 2011 var Via Ferrata-ruta i Loen bygd, og sommaren 2013 kom den 120 meter lange Gjølmunnebrua. Foto:

Imponert over patriotismen

Prosjektet har ei totalramme på 267,5 millionar kroner, og ein eigenkapital på rundt 145 millionar kroner, ifølge styreleiaren. Riksheim vedgår at visse bitar av prosjektet har vore utfordrande.

– All start på slike prosjekt er vanskeleg. Finansieringa var utfordrande i starten, men å samle aksjekapital frå dei ordinære aksjonærane har gått over all forventning. Å få ein aksjekapital på over 50 prosent, mesteparten frå nærområdet, er fantastisk. Det har rett og slett med kulturen i området å gjere, med tru på nyskaping og på prosjekt ein set i gang, seier Riksheim og legg til:

– Det vitnar om ein driv som ein slett ikkje finn alle stadar.

Les meir om prosjektet: Heilt på kanten

Han peikar på at Hotel Alexandra, Nordfjord Kjøtt, kommunen og baneleverandør Garaventa har vore sentrale aksjonærar som har drege med seg dei andre.

– Generelt er eg veldig imponert over lokalpatriotismen som kjem til syne, seier Riksheim.

Viktig for utviklinga

Marita Lindvik jobbar med å skape reiselyst til Nordfjord.

– Vi må ikkje gløyme Briksdalsbreen som har 300.000 besøkande kvart år. No kan vi supplere med noko nytt. Vi treng utvikling og det er akkurat det dette er, seier Lindvik.

RESTAURANT: På toppen ligg Hoven Restaurant. Arkitektane bak bygga er Aaland Arkitektkontor i samarbeid med Eva Eide Koefoed.

RESTAURANT: På toppen ligg Hoven Restaurant. Arkitektane bak bygga er Aaland Arkitektkontor i samarbeid med Eva Eide Koefoed. Foto:

Sjølv om hovudmålgruppa er turistane, trur Lindvik at også lokalbefolkninga vil bruke bana.

– Når eg får besøk frå Oslo, er det ikkje tvil om at eg vil ta dei med på dette for å vise fram naturen. Hittil har eg gått Via Ferrata med alle besøkande, no er dette eit alternativ. Eg trur nok billett hit låg under mange juletre i fjor.

Dronninga, Vestlandet og Highasakite

Klokka 12 laurdag opnar dronning Sonja Loen Skylift på Fjordstasjonen. Etter at elevar frå Loen skule har sunge «Vestlandet», går første offisielle avgang med gondolbana til Hoven.

På Hoven skal mellom anna Arne Hjeltnes intervjue dronninga, og det blir lunsj i restauranten. På kveldstid blir det opningsfest til fjells, der Highasakite etter planen skal spele på taket av restauranten.

Frå søndag 21. mai går bana i rute frå morgon til kveld.

– Vi har idear som går utover det som er laga. Men no må vi få dette i gang, frå trafikken opp, så får vi tenke vidare, seier Riksheim.

Les også: Har laga ny hengebru over Via Ferrataen og Merkedag for pendelbana i Loen

MEKTIG: Slik er utsikta frå toppen av Hoven.

MEKTIG: Slik er utsikta frå toppen av Hoven. Foto:

Loen Skylift

Loen Skylift er ei pendelbane som går frå fjorden i Loen til fjellet Hoven.

Prosjektet er gjennomført av selskapet Hoven Loen AS der Hotel Alexandra AS, Garaventa AG, Nordfjord Kjøtt AS og Stryn kommune er dei største aksjonærane. I tillegg er fleire bedrifter og enkeltpersnonar i regionen inne på eigarsida.

Produktet har sitt utspring frå Alexandra hotell, Loen Active med klatrestien Via Ferrata, Gjølmunnebrua og motbakkeløpet Skåla Opp. Opplevingsarenaen skal utvidast med fleire fjord- og fjellkonsept. Tilbodet vil variere frå lette til utfordrande aktivitetstilbod til fots eller på ski.

Det vert lagt til rette for universell utforming slik at alle skal få komme seg opp på fjellet.

Prosjektet har ei investeringsråme på 267,5 millionar kroner.

Kjelde: www.hovenloen.no

Artikkeltags