No satsar den 77 år gamle Fjord1-eigaren på reiseliv også

HOTELLEIGAR: 77 år, men framleis full fart framover for Per Sævik.

HOTELLEIGAR: 77 år, men framleis full fart framover for Per Sævik. Foto:

NÆRINGSLIV: Thon Hotel i heimekommunen, Hotel Ivar Aasen i Ørsta og Raftevold Hotel i Nordfjord. 77 år gamle Per Sævik nøyer seg ikkje med å styre ferjer og nye hurtigruteskip.

DEL

I Sogn og Fjordane er Sævik mest kjend for kjøpet av Fjord1 og eigarskapen i skipsverftet i Leirvik (sjå faktaboks).

Gjennom selskapet Havila Hotels er no Per Sævik i gang med å posisjonere seg i reiselivet.

Planen er å kople hotella på Vestlandet med dei nye kystrute-skipa som frå 2021 skal gå frå Bergen til Kirkenes, skriv avisa Møre-Nytt.

Sævik-familien fekk konsesjon på å drifte fire av i alt elleve skip på strekninga som Hurtigruten tidlegare har hatt monopol på. Gjennom selskapet Havila Kystruten AS byggjer Sævik fire, nye batteridrivne båtar til ein prislapp på éin milliard kroner kvar.

– I Havila arbeider vi med å sjå på heilskapen i reiselivssatsinga vår. Vi ser etter synergiar for kystruta, til dømes kvar passasjerar kan hoppe av og på, seier dagleg leiar Günther Dahler i Havila Hotels til avisa i Ørsta.

Hotel Ivar Aasen har siste tre åra gått med til saman nesten elleve millionar kroner i minus. Raftevold Hotel har gått betre, men er førebels ikkje noko gullgruve.

PER SÆVIK

  • Per Sævik fødd 1940 bur på Remøy i Herøy kommune på Sunnmøre.
  • Famlien starta med fiske, men har seinare bygt opp ein stor og brei næringsaktivitet, styrt gjennom eigarselskapet Havila Holding AS.
  • Borna Njål Sævik, Vegard Sævik og Hege Sævik Rabben Remøy eig 30 prosent kvar av Havila Holding, men faren Per (10 %) på 77 år er framleis frontfigur og styrer skuta.
  • I Sogn og Fjordane er Sævik-familien mest kjend for eigarskapen i Fjord1 ASA. Sævik kjøpte heile selskapet frå Møre og Romsdal fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune, og har seinare gått på børs med Fjord1 og selt seg ned til 51,5 prosent.
  • Sævik er også hovudaksjonar i Havyard group ASA som eig og driv skipsverftet i Leirvik i Hyllestad.
  • Gjennom Havila Kystruten byggjer familien fire eldrivne skip som skal gå langs kysten saman med hurtigruta frå 2021.
  • Sævik har no også gått inn i hotellbransjen, som medeigar i Thon Hotels Fosnavåg og eigar av Hotel Ivar Aasen i Ørsta og sist Raftevold Hotel på Grodås.

Artikkeltags