Her har dei målt dårleg luftkvalitet i 15 dagar

DÅRLEG LUFT: – På dei 15 dagane med moderate verdiar var ni dagar med cruiseanløp og seks utan skip, seier prosjektleiar Gudny Flatabø.

DÅRLEG LUFT: – På dei 15 dagane med moderate verdiar var ni dagar med cruiseanløp og seks utan skip, seier prosjektleiar Gudny Flatabø. Foto:

Av

Sidan 3. juli er det målt 15 dagar med moderat nivå av nitrogendioksid i lufta i Flåm. Verdiane er høgst på varme og vindstille dagar.

DEL

– Eg er litt overraska over at me har hatt såpass mange dagar med moderat luftkvalitet, seier Gudny Flatabø til Sogn Avis.

Ho er prosjektleiar for eit treårig prosjekt i regi av Aurland hamnevesen og Aurland kommune med mellom anna målingar av luftkvaliteten i Flåm.

Flatabø meiner femten dagar med moderat luftkvalitet ikkje er bra, og peikar på at det kan gjera situasjonen verre for folk med alvorlege luftvegsplager og hjarte- og karsjukdomar.

Ut frå målingane er det ifylgje Flatabø vanskeleg å seia noko om korleis cruisetrafikken har påverka luftkvaliteten.

– På dei 15 dagane med moderate verdiar var ni dagar med cruiseanløp og seks utan skip, seier ho.

Artikkeltags