Pass deg på laurdag

UHELDIG DAG: 15. juli er den dagen i året vi melder inn flest reiseskadar til forsikringsselskapet. Grunnen kan vere fellesferien, trur selskapa sjølv.

UHELDIG DAG: 15. juli er den dagen i året vi melder inn flest reiseskadar til forsikringsselskapet. Grunnen kan vere fellesferien, trur selskapa sjølv. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Kjem du deg gjennom laurdag 15. juli utan uhell er du heldig.

DEL

Førstkommande laurdag er den dagen i heile året det vert meldt inn flest forsikringsmeldingar i samband med reise. Ifølge Frende Forsikring vert det meldt det inn flest reiseskadar 15. juli.

– Det er ikkje godt å seie kvifor akkurat denne dagen skil seg sånn ut, men 15. juli har vist seg å vere den store reiseskadedatoen dei siste åra. Dei viktigaste faktorane er nok fellesferien og at veldig mange er på reise samtidig, seier Heidi Tofterå Slettemoen, kommunikasjonssjef i Frende Forsikring i ei pressemelding.

Det vart i fjor betalt ut erstatningar i samband med reiser på over 2 millionar kroner fordelt på over 300.000 skademeldingar, det er rekord, ifølge Finans Norge.

– Vi investerer enorme summar i turane våre. Sørg for at du har ei reiseforsikring som dekker alle utgifter til lege og sjukehus. Eit opphald på sjukehus i utlandet kan bli ekstremt dyrt utan forsikring. Det same kan transporten heim, seier Slettemoen i Frende.

Julaftan er den dagen i året det vert meldt inn færrast skadar i samband med reise.

Reisestatistikk

  • Nesten 45 % av reiseskadane for dei under 30 år er knytt til tinga dei har med seg på tur.
  • Omtrent 35 % av reiseskadane for dei over 65 år er knytt til avbestilling.
  • Meir enn 25 % av reiseskadane for dei under 65 år er knytt til sjukdom på reise.
  • Det er fire gonger meir sannsynleg at ein ungdom melder om tapt reisegods enn at ein eldre person gjer det.
  • I fjor var halvparten av alle utbetalingar på reise knytt til sjukdom på tur. Men berre 25 % av alle skadane som vart meldt inn handla om reisesjukdom.
  • I løpet av året vil 1 av 6 reisande få bruk for reiseforsikringa si.

Artikkeltags