85.000 nordmenn har bestilt reise med konkursramma Ving dei neste tolv månadene

Av
DEL

Drygt 85.000 personar har booka reiser med Ving det neste året. Selskapet er no ramma av konkursen i Thomas Cook.

Ving opplyser til NTB at dei for tida har 9.101 reisande ute på tur. Det omfattar 8.555 personar på charterreise og 546 som har reist med rutefly.

Frå 1. oktober i år og fram til slutten av september neste år er det booka reiser for 85.345 personar. Av desse er det 74.532 charterturistar og 10.813 som skal reise med rutefly.

Artikkeltags