Teknisk feil forsinkar nye pass

Dersom du bestiller pass mindre enn 13 dagar før du skal reise, kan du få eit problem.

Dersom du bestiller pass mindre enn 13 dagar før du skal reise, kan du få eit problem. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

– Søk naudpass dersom passet ditt ikkje kjem i tide, råder politiet.

DEL

(BA) Ein teknisk feil hos leverandøren av pass, gjer at politiet ikkje kan levere nye pass innanfor garantitida på ti dagar. No kan det ta opp til 13 dagar frå passet er bestilt til det vert levert til brukaren, ifølge Politidirektoratet.

Det kan by på problem for dei som bestiller mindre enn 13 dagar før avreise.

Naudpass

– Dersom du nyleg har søkt om pass, ikkje fått det i posten enno, men treng det i løpet av dei neste 13 dagane, kan det vere aktuelt å søke om naudpass, seier avdelingsdirektør i politifagavdelinga i Politidirektoratet, Kristin Kvigne.

Den tekniske feilen er retta, men det har førebels hjelpt lite på ventetida.

– Situasjonen som no har oppstått er beklageleg. For dei det gjeld og der garantitida er broten, vil politiet skrive ut naudpass kostnadsfritt, seier Kvigne i ei pressemelding.

Vert avvist i fleire land

Ein bør heller ikkje vente for lenge med å søke om naudpass. Kjem søknaden inn kort tid før avreise er det ein fare for at politiet ikkje har kapasitet til å behandle den.

I tillegg er det fleire land som ikkje aksepterer naudpass, deriblant USA og Dubai.

Artikkeltags