Barn gratis på toga til dei fyller seks

Frå 27. januar kan ungdom sleppe unna med halv pris på toget heilt til dei fyller 18 år. Barn vil reise gratis to år lenger enn i dag, fram til dei fyller seks år.

Frå 27. januar kan ungdom sleppe unna med halv pris på toget heilt til dei fyller 18 år. Barn vil reise gratis to år lenger enn i dag, fram til dei fyller seks år. Foto:

Av
DEL

Barn skal få reise gratis med tog fram til dei fyller seks år, og ungdom slepp unna med halv pris til dei blir myndige.

Tidlegare har barn måtta ha eigen billett på toget frå dei fyller fire år. Ungdom har måtta betale fullpris frå dei fyller 16 år. Men frå 27. januar blir aldersgrensene endra, melder Jernbanedirektoratet.

– Gjennom lågare billettprisar for barn og ungdom vil vi bidra til at unge tidleg etablerer gode kollektive reisevanar som dei vil ta med seg vidare som vaksne, seier jernbanedirektør Kirsti Slotsvik.

Direktoratet har vorte einig med NSB om prisendringa. Også banestrekningar som blir konkurranseutsette, får same aldersgrenser. Flytoget har sine eigne reglar for barn. Der reiser alle barn under 16 år gratis saman med ein vaksen, mens alle under 20 år betalar halv pris.

Frå tidlegare er det kjent at Ruter innfører dei same aldersgrensene på kollektivtrafikken i Oslo og Akershus frå 27. januar.

(©NPK)

Artikkeltags