Gå til sidens hovedinnhold

Bøndene får 525 millionar kroner i krisepakke etter tørkesommaren

Artikkelen er over 3 år gammel

LANDBRUK: Bondeorganisasjonane og staten er blitt einige om ei krisepakke på 525 millionar kroner.

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag har forhandla med Landbruksdepartementet om ei krisepakke sidan førre veke.

Norske bønder har blitt hardt ramma av tørken i sommar, og det er venta at det vil komme søknadar om avlingsskadeerstatning på over 1,1 milliardar kroner. Bøndene meinte på si side at avlingsskadeerstatninga ikkje er nok og har kravd ei tilleggsløyving.

Kommentarer til denne saken