Redningsaksjon i Luster – måtte hentast av helikopter

Ein person sette seg fast i Mørkrisdalen i Luster kommune i går kveld.

DEL

– Ti over åtte blei vi ringt opp av ein som fortalde at kameraten hadde sett seg fast på fjelltur i Mørkrisdalen. Dei to hadde lagt ut på tur i lag, men kameratane hadde kome frå kvarandre og så sette den eine seg fast.

Det opplyser Frode Kolltveit, operasjonsleiar i Vest politidistrikt, til Firda.

Turgåaren som sette seg fast i går kveld var av utanlandsk opphav, og i slutten av tenåra.

– Redningstenesta bestemte seg ganske fort for å sende redningshelikopteret, ettersom forholda for flyging var gode, seier Kolltveit.

Politiet fekk ein ganske nøyaktig posisjon på kvar turgåaren oppheldt seg frå kameraten, og redningstenesta tok med ein lokalkjend mann frå Røde Kors på oppdraget.

– Klokka 00.50 melde redningstenesta at turgåaren var trygg og uskadd. Helikopteret landa på eit jorde, og både turgåaren og kameraten som melde frå vart deretter innkvartert for overnatting i Skjolden.

Artikkeltags