Ein person skorfast i Aurlandsdalen

Redningsaksjon på gang

DEL

Politiet har fått melding frå eit følge på fem personar på tur ved Vassbygdi i Aurlandsdalen. Ein av dei står fast, og kjem seg ikkje vidare for eiga hand. Det er sett i verk rednngsaksjon, og eit redningshelikopter er på veg.

Personen skal være ved ein stad som heiter Skårsgalden.

Ein gald er på den lokale dialekten ein sti i eit brattheng eller ei kleiv.

SISTE: Politiet melder at helikopteret har funne turfølget, og at to personar er no henta ned med helikopter, medan dei siste tre tek seg ned til bygda til fots.

Artikkeltags