Opnar den rasstengde vegen på sørsida til skulestart

OPNAR IGJEN: Fylkesveg 451 på sørsida av Jølstravatnet vil delvis opnast igjen 19. august.

OPNAR IGJEN: Fylkesveg 451 på sørsida av Jølstravatnet vil delvis opnast igjen 19. august. Foto:

Vegen på sørsida av Jølstravatnet har vore stengd etter raset som gjekk ved Årnes for to veker sida. No har Statens vegvesen bestemt seg for å delvis opne vegen igjen.

DEL

– Vi må prøve å få opna opp vegen att til skulen begynner igjen, seier avdelingsdirektør for vegavdelinga i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden, til Firda.

Det var NRK som omtalte saka først.

30. juli gjekk det eit ras på fylkesveg 451 ved Årnes, på sørsida av Jølstravatnet. Vegen har vore stengt fram til no, etter at svære jordmassar dekte og øydela vegen.

Det var i dette raset at ein mann i 50-åra er antatt omkomen, etter å ha køyrt bilen som blei tatt av skredet.

Open morgon og ettermiddag

Etter rasa på Jølster gjekk har det gått føre seg oppryddingsarbeid ved fleire punkt langs E39. Alle områda har vore opna igjen, bortsett frå sørsida, som har vore stengt i to veker. No ser det ut til at denne vegen blir opna til skulestart måndag 19. august.

– Det står framleis att ein god del arbeid som må bli utført, men ved omsyn til skuleskyss er målet å opne den til måndag, seier Finden.

Vegen vil vere opna rundt dei såkalla «pendletidene» på morgonen og ettermiddagen. Elles vil vegen vere stengt grunna pågåande arbeid.

– Det vil vere lange stengingar dei andre tidene på dagen, seier han.

Trygt å køyre

– Det som står att av arbeid er å rydde vegen, samt å bygge den opp igjen. Vi må fikse rekkverk og sikringa rundt vegen, seier Finden.

Trass dette er vegen trygg å køyre på.

– Vi slepper ikkje trafikk gjennom før det er trygt. Det er alltid førsteprioritet, seier han.

Han er usikker på når vegen vil opne for fri ferdsel.

– Det går kanskje ei god veke eller to før vi kan opne den heilt.

Artikkeltags