Har starta opp at produksjonen etter uvêret

STORE SKADAR: Brødrene Aa fekk store skadar etter uvêret i Hyen. Her er dagleg leiar Tor Øyvind Aa i produksjonshallen, der golvet er dekka av jord og leire.

STORE SKADAR: Brødrene Aa fekk store skadar etter uvêret i Hyen. Her er dagleg leiar Tor Øyvind Aa i produksjonshallen, der golvet er dekka av jord og leire. Foto:

Av

Brødrene Aa fekk skadar for minst 50 millionar etter uvêret i Hyen. No har dei starta opp igjen produksjonen.

DEL

Verftsbedrifta Brødrene Aa er haltande i gang igjen etter skadane produksjonslokala i Hyen fekk under uvêret som ramma Sogn og Fjordane for to veker sidan.

Delar av produksjonen er no flytta til Eikefjord, mens 20 av dei 170 tilsette må ut i permisjon, skriv Sysla.

– Vi står han av. Sjølv om vi har eit stort oppryddingsarbeid framfor oss, har vi gradvis byrja å ta opp igjen noko av produksjonen på båtane som er under utrusting, seier Tor Øyvin Aa til avisa.

Aa reknar med drifta kan vere tilbake i normalt gjenge om eit par månaders tid.

Brødrene Aa har for tida tre båtar i produksjon, og dei skal alle vere intakte etter at fleire hundre kubikkmeter med stein, jord og vatn trengde inn i produksjonslokala i Hyen 30. juli.

Ras Hyen, brødrene Aa, Tor Øyvin Aa

Ras Hyen, brødrene Aa, Tor Øyvin Aa

Artikkeltags