Store steinblokker rasa på E16 i Sogn – vegen opnar att klokka 13.00

To store steinar hamna i vegbana og stengte vegen.

DEL

Fleire steinras har gått over E16 i Nærøydalen i Sogn, melder Vegtrafikksentralen Vest måndag morgon. Rasa vart meldt klokka 07.23.

Rasa skal ha gått nær brua over Nærøyelva. Dei første meldingane frå vegtrafikksentralen indikerte at vegen ville bli stengt i fleire timar.

Ingen personar er skadd eller sakna i raset, og det er heller ikkje meldt skader på køyretøy, melder politiet.

– Det er snakk om to steinar som ligg i vegbana, og ein i grøfta, seier Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Ein geolog vart sendt til staden, og det siste frå Vegtrafikksentralen er at vegen er rydda og vil bli opna att klokka 13.00.

Ifølgje rapportar frå entreprenør og trafikkantar skal rasa ha treft vegen på tre punkt.

Ketil Molvær ved vegtrafikksentralen fortel at steinane var så store at hjullastarane som skal rydde dei var usikre på om dei ville kunne løfte dei unna. Eit alternativ var å dytte dei i grøfta.

No er vegen rydda og vegen open att for fri ferdsel.

Artikkeltags