Stengjer fylkesveg etter ras

Artikkelen er over 2 år gammel

SOGN: Fylkesveg 53 mellom Årdalstangen og Finnåstunnelen er stengd.

DEL

Like over klokka 21 fredag kveld fekk politiet melding om at det hadde gått eit steinras på fylkesveg 53 i Årdal.

Raset har gått like utanfor tunnelmunninga på Finnåstunnelen, mellom tunnelen og Årdalstangen.

Som følgje av steinraset er tunnelen stengd.

Det skal ha komme mellom 20 og 30 steinar ned fjellsida i raset, men korkje personar eller bilar er tekne.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags