Held fram søket i Jølstravatnet torsdag

GIR IKKJE OPP: – I dag held vi fram med å søke med miniubåt med ein sonar og båt med magnetsøkar, seier Trond Hatlenes. Her frå søket tysdag.

GIR IKKJE OPP: – I dag held vi fram med å søke med miniubåt med ein sonar og båt med magnetsøkar, seier Trond Hatlenes. Her frå søket tysdag. Foto:

DEL

– Søket held fram med ROV-ubåt utover dagen. Når søket vert avslutta eller det blir gjort funn, så vil vi varsle om dette, seier lensmann Dag Fiske i ei tekstmelding til Firda torsdag kl. 09.50.

Søker med sonar og magnet

– Tysdag søkte dei med miniubåt i nesten femti meters djupne ut frå land, seier Trond Hatlenes som er innsatsleiar i politiet.

Måndag søkte etter den antatt omkomne 50-åringen på land. Frå tysdag har dei fokusert på Jølstravatnet.

– I dag held vi fram med å søke med miniubåt med ein sonar og båt med magnetsøkar, seier Hatlenes til Firda onsdag.

Miniubåten med ein sonar skal via lydbølger finne konturane av rasmassane i innsjøen.

Måtte ta pause på grunn av torevêr

– Vi håpar å komme oss eit godt stykke utover rasområdet i dag, men vi vil ikkje bli ferdige med området i dag, seier Hatlenes onsdag morgon.

Ifølge Hatlenes er rasområdet 750 meter langt og 200 meter breitt på det breiaste, i luftlinje over vassoverflata. Rundt raset er det cirka 150–160 meter på det djupaste.

– Det kan vere at ein i dag klarer å dekke eit tilsvarande område som i går.

Hatlenes legg til at dei i går vart nøydde til å ta ein lenger pause frå søkinga på grunn av lyn og tore.

– Eg håpar vi får gode arbeidsforhold i dag.

– Kan vere utanlandsk førar

Ein ukjent person skal ha rygga vekk frå raset på sørsida av Jølstravatnet førre veke. Politiet har etterlyst vedkommande, fordi sjåføren kan sitte på informasjon som er relevant i høve søket i Jølstravatnet.

– Har de fått kontakt med vedkommande?

– Vi har ikkje komme noko lenger i saka og vil undersøke nærare. Sidan vedkommande ikkje har meldt seg, er ein av teoriane vi jobbar ut frå at sjåføren er utanlandsk og derfor ikkje les norske aviser, seier Hatlenes.

Artikkeltags