Har funne to meter brei metallgjenstand i raset i Jølstravatnet

FUNN: Personell frå Norwegian Tunnel Inspection AS påviser funnet.

FUNN: Personell frå Norwegian Tunnel Inspection AS påviser funnet. Foto:

Leiteaksjonen etter mannen som vart tatt av raset i Jølstravatnet går inn i ein ny fase.

DEL

Ei dryg veke etter oppstart begynner no arbeidet med å fjerne massar rundt ein større metallgjenstand i Jølstravatnet. Prosessen med å heve bilen etter raset i Jølster held fram, skriv politiet i ei pressemelding tysdag føremiddag.

Arbeidet med å lokalisere funnstaden frå i sommar har diverre tatt lenger tid enn først venta, ifølge politiet.

– Etter å ha ankra fast flåten ved funnstaden førre veke, viste det seg at gjenstanden ikkje var synleg med undervasskamera eller sonar, trass i at staden var merka og sikta under vatn var på rundt ein meter, melder politiet i pressemeldinga.

Ved hjelp av ein metalldetektor fann selskapet Norwegian Tunnel Inspection AS måndag ettermiddag ein omlag to meter brei metallgjenstand. Den var ikkje synleg over botnen og ligg begravd under massane.

– Vi har no markert funnstaden og vil i løpet av dagen starte arbeidet med å fjerne ein del massar rundt metallgjenstanden for å finne ut kva det er. Vi kan per no ikkje seie sikkert kva vi har funne, ettersom vi ikkje kan sjå gjenstanden visuelt, seier innsatsleiar Torbjørn Thue i Vest politidistrikt.

Artikkeltags