To store steinar på ein kubikkmeter fall ned på fv. 610

RAS: Desse steinane rasa ned på fv. 610 ved Hestvik i Viksdalen seint laurdag kveld. Dei skal no vere rydda ut av vegbana.

RAS: Desse steinane rasa ned på fv. 610 ved Hestvik i Viksdalen seint laurdag kveld. Dei skal no vere rydda ut av vegbana.

GAULAR: Vegen skal vere rydda av Mesta, og skal undersøkast nærare i dagslys.

DEL

Natt til søndag vart Firda tipsa om eit steinras på fv. 610 ved Hestebeit i Viksdalen.

Tom Hansen ved Vegtrafikksentralen vest stadfestar at det har gått eit ras i dette området, men at det no er rydda vekk.

– Meldinga om at raset hadde gått kom inn til oss klokka 22.49, seier Hansen.

Han fotel at dei vart varsla av politiet, og at meldingane gjekk på at to steinar på om lag ein kubikkmeter hadde falle ned i vegbana.

– Raset hadde blitt høyrt av nokon på andre sida av vatnet, seier Hansen, som vidare fortel at ein forbipasserande hadde køyrt forbi rasstaden og meldt at det var passasje.

Ein entreprenør for Mesta vart sendt til staden for å skyve steinane ut i grøfta med hjullastar, og det er meldt at denne jobben no er gjort.

– Det skal ikkje vere særleg skader på vegbana, men rasstaden skal befarast på ny når det lysnar, seier Hansen.

Artikkeltags