Rv. 5 stengd mellom Førde og Naustdal

Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Skadar på vegbana etter ein stor stein som har gått vidare i fjorden.

DEL

Klokka 21.45 fekk Firda tips om at bilar stod med naudblink på rv.5. Folk i området høyrde eit veldig bråk frå fjellsida.

Klokka 22.00 stadfester politiet at det er meldt om stein som har komme ned i vegbana på riksveg 5 mellom Førde og Naustdal.

Politi og entreprenør er på veg til staden.

I Skredvika

Ifølgje tipsarar skal raset ha komme i Skredvika, der det ofte kjem ned stein.

Det danna seg raskt kø på Naustdalsida, men denne har løyst seg opp. Ein del trafikk tek vegen over Hesjedalen.

Stengd veg

Statens vegvesen er varsla. Trafikkmeldinga opplyser kl. 22.01 om «Redusert framkommelighet på grunn av steinras». Dette varselet gjeld inntil vidare.

Klokka 22.17 melder politiet at vegen er stengd ca. 2 km frå Naustdalsneset. Det er ifølgje politiet gjort skadar på vegbana etter ein stor stein som har gått vidare i fjorden.

Vegvesenet vil gjere ny vurdering av rasstaden torsdag før riksveg 5 kan opnast att.

Vegvesenet vil gjere ny vurdering av rasstaden torsdag før riksveg 5 kan opnast att. Foto:

 

Ny vurdering torsdag

Statens vegvesen opplyser at vegen ikkje vil bli opna att i dag.

Ny vurdering vil først bli gjort på torsdag.

I mellomtida vel mange å køyre bomvegen mellom Åsedalen i Naustdal og miljøstasjonen til SUM i Hesjedalen.

Kl 00.45 melder Naustdal kommune at også denne vegen er stengd for gjennomgangstrafikk. Dette grunna teleløysing.

Skummelt, men køyrer likevel

– No har dette skjedd så mange gonger, seier Vegard Savland og siktar til steinane som rasar ned på vegen mellom Naustdal og Erdalen i Førde. – Det er slett ikkje bra.

Sjølv om han synest det er skummelt, så kan rasfaren ikkje hindre han i å køyre denne strekninga, seier han før han køyrer vidare mot Førde.

Som for så mange andre, er dette pendlarvegen: Pendlar med livet som innsats

Artikkeltags