Set i gang søk med miniubåt og båtar på Jølstravatnet

RØDE KORS: Flora og Førde Røde Kors Hjelpekorps søker etter sakna utanfor skredet ved Årneset i Jølster.

RØDE KORS: Flora og Førde Røde Kors Hjelpekorps søker etter sakna utanfor skredet ved Årneset i Jølster. Foto:

Politiet tek opp att søket etter den antatt omkomne mannen i 50-åra.

DEL

– At det er mykje grums og dårleg sikt i vatnet kan by på problem, seier lensmann Dag Fiske.

Politiet tek i dag opp att søket etter den antatt omkomne mannen i Jølstravatnet.

Vitne fortalde til politiet at dei såg ein bil med hengar bli tatt av ras på sørsida av Jølstravatnet tysdag kveld. I går bekrefta politiet at ein mann i 50-åra var sakna, og antatt omkomen i raset.

Torsdag ettermiddag har ein ROV-ubåt kome frå Florø for å bidra i søket etter den antatt omkomne mannen. På grunn av at det er dårleg sikt i vatnet blir kamerautstyr lite effektivt, men ubåten har avansert utstyr som kan sanse om det ligg noko på botnen.

SØKER: Torsdag startar politiet søk med mini-ubåt og held også fram med overflatesøk frå båt.

SØKER: Torsdag startar politiet søk med mini-ubåt og held også fram med overflatesøk frå båt. Foto:

Klokka 15.00 torsdag fortel Fiske til Firda at ubåten har starta søket i Jølstravatnet.

– Det skal gjerast to typar søk med båten. Den første delen er eit sonar-søk som skal kartlegge korleis det ser ut på botnen av vatnet. Det er dei held på med no, seier Fiske.

Etter kvart vil dei gå over til kamerasøk. I tillegg til ubåten har Røde Kors meldt at deira mannskap frå Stryn, Førde og Florø deltek med to båtar i søk etter den sakna.

– Det vert også søkt med båt på overflata og inn mot land etter den sakna, seier Fiske, som fortel at dei kjem til å halde på til det blir mørkt.

SØK: Det blei søkt onsdag utan hell. Torsdag held søket fram.

SØK: Det blei søkt onsdag utan hell. Torsdag held søket fram. Foto:

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags