E39 ved Grimsbø er open med kolonnekøyring

GRIMSBØ: Det er lange køer begge vegar på Grimsbø.

GRIMSBØ: Det er lange køer begge vegar på Grimsbø. Foto:

Skal ein køyre strekninga Skei-Førde, må ein køyre kolonne frå Grimsbø til Moskog. Resten av strekninga på nordsida av Jølstravatnet har fri ferdsel.

DEL

Klokka 17:00 torsdag vart Grimsbø opna for å sleppe gjennom bilar. Vegen vart stengt igjen for natta 23:00.

Klokka 06:32 fredag melde vegtrafikksentralen på Twitter at E39 Moskog – Grimsbøen er opna for godt, og at det blir leiarbil-køyring der framover. Etter kvart vil det kanskje òg kome lysegulering. Ventetida er opptil femten minutt. Dessutan er fylkesveg 615 Skarpsvoratunnelen ved Åreneset i Gloppen opna. Der kan ein måtte vente opp mot ein time mellom 07:00-16:00.

– Framover no vil vegen frå Grimsbøen vere open, og når vi er ferdig å sikre og rydde vil vegen opne for fri ferdsel, seier trafikkoperatør i Statens vegvesen Idar Sangolt.

Artikkeltags