E39 opna ved Movika

OPNA: E39 er torsdag opna att ved Moskog i Førde. Slik såg det ut på staden torsdag morgon.

OPNA: E39 er torsdag opna att ved Moskog i Førde. Slik såg det ut på staden torsdag morgon. Foto:

Onsdag starta vegvesenet oppryddinga etter fleire ras på E39 og andre småvegar i Jølster. I løpet av torsdag satsar dei på at dei fleste vegane skal opne.

DEL

Ifølge Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen Sogn og Fjordane, er målet at nesten alle vegar som er ramma av ras skal opne for trafikk i løpet av dagen.

– Langs E39 vil det vere kolonnekøyring der vi har rydda etter ras. Akkurat no er det ope frå Skei og ned til raset som har gått på Vassenden, og vi er i gang med å få rydda massane som ligg på E39 på Vassenden òg, seier Finden like før klokka 09.

Han fortel at vegen ved Grimsbø òg er stengt for augneblinken. I løpet av torsdag vil dei sette opp rekkverk og anna sikringsmateriell, før dei opnar vegen for kolonnekøyring.

– Dei fleste stadane er vegen rydda, men fordi E39 er så tungt trafikert, er vi nøydde å få på plass sikring før vi kan la folk passere. Den næraste tida blir det kolonnekøyring på dei aktuelle stadane.

E39 er opna att ved Movika, så dei som bur nedanfor Grimsbø kan kome seg til Førde.

Dessutan har vegen på Holsen vore open sidan klokka 19 onsdag, men på grunn av ein feil i systemet til Vegvesenet har det vore meldt på nettsidene at den har vore stengt fram til no.

– Eg har no fått klarsignal på at Holsen er ope, og at meldinga på nettsidene våre var feil. Den einaste vegen vi per no ikkje veit når opnar er Fylkesveg 451 ved Årneset på sørsida av Jølstravatnet. Geologane har gitt beskjed om at massane er for usikre til å byrje opprydding. Det kjem ikkje til å gå fleire ras, men vatnet i massane må sige meir før vi kan ta til med oppryddingsjobben, seier Finden.

Foto:

Artikkeltags