Pride, for oss alle!

Foto:

Av
DEL

DEBATTDå eg gjekk på gymnas i starten av 90-talet la eg merke til ein gut som alltid gjekk heilt for seg sjølv, han snakka ikkje med nokon, han gjekk langs hushjørna med blikket i bakken, det verka ikkje som han ville at nokon skulle snakke med han. I to år betrakta eg han, eg skulle nok ha tatt kontakt, men gjorde det ikkje. Eit par år seinare trefte eg på han på Universitetet i Bergen. Tilfeldigvis hadde vi begynt på same fag. Eg tok kontakt, og trefte ein blid, utadvendt og snakkesalig gut. Ein gut som blomstra fordi han hadde flytta til Bergen. Den unge mannen og eg vart nære vener. Han fortalde at han var 13 år då han skjønte han var homofil, og det var ei katastrofe for han. Han bestemte seg for å ikkje snakke med nokon, ikkje ha vener eller sleppe nokon inn på seg, i frykt for å kunne komme til å bli avslørt som homofil.

Nokre år seinare, på starten av 2000-talet, så melde ein ung bonde i Fjaler seg på TV2 sin realityserie «Jakten på kjærligheten». Han var ikkje på jakt etter ei kone, men ein mann. Kanskje den første opne homofile som valde å bli i Sogn og Fjordane? I eit lite bygdemiljø, i ei tradisjonell næring. Eit modig val som fortel mykje om kva som bur i Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat i Fjaler.

Mykje har skjedd sidan då. Viktige rettar som rett til å gifte seg, rett til å få barn, rett til å jobbe i kyrkja. Mykje har også skjedd i Sogn og Fjordane sidan då. Det er fleire homofile som vel å busette seg i fylket vårt enn før, det er lettare å stå fram og leve eit vanleg liv, som homofile.

Det kan sjå ut som at ting er på plass, kampen er vunnen. Men slik er det ikkje.

For eit par månader sidan hadde eg ein lengre samtale med ein ung homofil mann frå Sogn og Fjordane, nyleg flytta til Bergen for å studere. Dit skulle han no uansett, men framleis har han opplevinga at han måtte på grunn av legninga, og at han helst også ville gå vidaregåande i Bergen.

Det å tru at nokre slag er vunne for godt er ei felle, nokre kampar kjem heile tida tilbake. Vi ser det når rasismen blussar opp, vi ser kva som skjer i USA med veksande abortmotstand, vi ser at homofile framleis er redde for å snu ryggen til, redde for å halde hender offentleg. Og vi er i eit fylke som ikkje har vore beste plassen å bu for homofile. Trass i at vi har vore flinke til å hylle mangfald gjennom ord. Det fortel oss at vi treng meir enn ord

No tar vi grep for å endre dette, og vi skal strekkje oss. No i juni har vi det første fylkesdekkande Pride i Sogn og Fjordane. Kanskje først og fremst ei symbolsk markering, men ei viktig markering og ei påminning om at vi som politikarar har eit ansvar og ei rolle. Ungdomspolitisk utval peikar på fleire skulepsykologar – eit av mange viktige tiltak vi kan gjere.

Den dagen vi er der at homofile ikkje er ein grunn i seg sjølv til å flytte frå Sogn og Fjordane, den dagen homofile ikkje er homofile, men berre folk, den dagen har vi oppnådd mykje.

Den dagen vi har det tredje kjønn som kjønnskategori når du skal søkje skuleplass i fylkeskommunen, og det er heilt vanleg å møte transvestittar på nærbutikken eller på kommunehuset, når nokon fortel deg at dei er panseksuelle og du nikkar fordi du veit kva det er. Då har vi oppnådd mykje. Ikkje berre nokre fleire innbyggjarar med ulik seksuell legning. Erfaringar viser også at eit samfunn som gjennom å vere ope og mangfald, der det er rom for alt, der er det meir attraktivt å bu og virke i for alle.

Artikkeltags