Stans i pakkeutleveringa hos posten

Av
DEL

Datasystema til Posten har vore nede gjennom onsdagen. Det fører mellom anna til problem med å få utlevert og sende pakkar.

– Vi har hatt dei fleste av datasystema våre nede. Det betyr mellom anna at folk ikkje får henta ut pakkar eller registrert sendingar. Men det er framleis slik at ein kan nytte seg av ei «manuell løysing» og hente ut pakkar viss ein har fått SMS med hylleplassering, seier pressesjef John Eckhoff i Posten til NTB.

Feilen har oppstått hos IT-leverandøren Evry.

– Vi fekk melding om ein teknisk feil klokka 11.25. Den råkar fleire av kundane våre og fører til forstyrringar i nettverkstilkoplinga. Vi har teknikarar på plass som jobbar på spreng med å løyse dette problemet. Vi beklagar til alle som er råka av hendinga, seier pressesjef Elise Døvle i Evry.

(©NPK)

Artikkeltags