Posten vil ha færre dagar med brevpost – ber om avklaring i 2018

KUTT: Postlevering fem dagar i veka er ikkje lønsamt, og Posten ber om kutt i talet på dagar.

KUTT: Postlevering fem dagar i veka er ikkje lønsamt, og Posten ber om kutt i talet på dagar. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Mengda brevpost fell raskare enn venta. No pressar Posten på for at talet på dagar med post blir kutta.

DEL

– Reduksjon av omdelingsfrekvens til annankvar dag er eit nødvendig neste steg i tilpassinga av kostnadane til bruken av posttenester i samfunnet, skriv Posten i sin rapport for andre kvartal.

Av rapporten går det fram at det vart sendt 11,2 prosent færre brev i første halvår i år enn i same periode i fjor. Fallet er meir dramatisk enn venta, og Posten slår fast at det vil bli kraftig nedgang i åra som kjem.

Ber om rask avgjerd

Samferdselsdepartementet forslo tidlegare i år å berre levere post annankvar dag frå 2020. Posten har tidlegare uttrykt støtte til dette i sitt høyringssvar, men ber no om at spørsmålet blir avklart allereie i år.

– Innføring av postomdeling annankvar dag i heile landet vil vere den største personalmessige omlegginga i Postens historie. For å kunne sette i verk omlegginga i 2020 med tilstrekkeleg tid til å gjennomføre ein god omstillingsprosess, må alle politiske og regulatoriske forhold avklarast i 2018, skriv Posten. Lovforslaget om å endre talet på postdagar er enno ikkje lagt fram for Stortinget.

Ekstraløyving gir plusstal

Posten er i dag lovpålagt å levere brev til folk fem dagar i veka, og sidan dette er ei teneste som går med underskot, kompenserer staten for det.

I juni vart Stortinget einige om ei tilleggsløyving på 343 millionar kroner for å dekke inn dei ulønsame tenestene. Det kraftige fallet i brevvolumet blir kompensert med dette.

– Det er positivt at Stortinget har løyvd ytterlegare middel slik at staten no betalar fullt ut for meirkostnadane knytt til å behalde postdistribusjon fem dagar i veka, seier konsernsjef Tone Wille.

Resultatoppgang

I andre kvartal hadde Posten eit samla resultat før skatt på 213 millionar kroner, mot 38 millionar kroner i same periode i fjor. Den totale omsetninga var på om lag 6 milliardar kroner, ein svak nedgang frå i fjor.

Inntektene aukar blant anna innanfor levering av pakker for netthandel.

Artikkeltags