Posten byter ut utskjelt nummer

Posten Norge kuttar ut sitt femsifra telefonnummer til kundeservice for privatkundar.

Posten Norge kuttar ut sitt femsifra telefonnummer til kundeservice for privatkundar. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Posten Norge kuttar ut det femsifra telefonnummeret som privatkundar har brukt for å nå kundeservice.

DEL

Forbrukarombodet krev at privatkundar ikkje skal bli vist til spesialnummer når dei skal ringje til kundeservice. Posten Norge tener rett nok ikkje pengar på desse nummera, men å ringje spesialnummer kostar i mange tilfelle rundt to-tre kroner i minuttet, avhengig av telefonoperatør.

Innfører nytt nummer

– Femsifra nummer vart i si tid innført for at det skulle vere enklare å nytte for kundane. Det er lite som tyder på at teleselskapa ønskjer å senke takstane, så difor innfører vi heller 22 03 00 00 som nytt nummer til kundeservice, seier pressesjef John Eckhoff i Posten Norge.

Ei avgjerd frå EU-domstolen tidlegare i år stadfester at Marknadsføringslova forbyr næringsdrivande å vise kundane sine til spesialnummer. Det gjeld nummera som kostar meir enn grunntakst når dei skal kontakte kundeservice.

Er allereie i bruk

– Vi vil innan 15. oktober endre informasjon om nytt telefonnummer i dei digitale kanalane våre og på marknadsmateriellet vårt, seier Eckhoff.

Det nye nummeret 22 03 00 00 er allereie tatt i bruk og kan også nyttast frå utlandet. Det gamle 04004 kan nyttast fram til 15. oktober. (ANB)

Artikkeltags