Sprengde mellom 25 og 30 postkasser i løpet av natta

Posten sin raude postkasse i Andalen vart sprengt i løpet av natta. Dei politimelder no saka.

Posten sin raude postkasse i Andalen vart sprengt i løpet av natta. Dei politimelder no saka. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

FLORA: Posten i Florø har aldri opplevt liknande hærverk.

DEL

Natt til måndag vart mellom 25 og 30 postkasser i eit ganske stort område som strekker seg frå Helgøya, Leversund, Humlestøl, Barlindbotn og Steinhovden og Stavang utsett for hærverk. Det stadfestar leiar Terje Gabrielsen i Posten Florø overfor Firdaposten.no.

– Og eg utelukkar ikkje at vi får vite om fleire øydelagde postkassar i løpet av dagen, seier han og legg til:

– Som regel blir eit par postkasser sprengd kvart år, etter nyttår. Men eg har aldri opplevt at nokon sprenger postkasser i eit så stort omfang, seier han.

I Andal sprengde vandalane ein av posten sine raude postkasser.

– Så Posten Norge kjem til å melde dette til politiet. Vi har fått melding at fleire av dei andre som har fått sprengd postkassa si, også kjem til å melde saka til politiet, seier Gabrielsen.

Men, strekar han under, sjølv om dette gjer postleveringa vanskeleg, vil posten komme fram.

– I nokre tilfelle har vi måtte levere posten i ein pose til dei som har fått øydelagd postkassa si. Alle vil få posten sin.

Ein bil vart observert i Stavang mellom 02.00 og 03.00 på natta. Gabrielsen oppfordrar alle som har sett noko om å kontakte politiet.

Politiet har fått tips og meldingar, stadfestar stasjonssjef Wenche Hope ved Florø politistasjon.

– Men vi ønsker svært gjerne fleire tips i saka. Dersom nokon har sett eller høyrt noko, er det viktig at de tek kontakt. Og er det nokre syndarar som har lyst til å tilstå, er det berre å melde seg, seier Hope.

Artikkeltags