Posten og Aktiv Norgesdistribusjon AS vann anbod om avisdistribuering

Av

Aktiv Norgesdistribusjon AS og Posten Noreg AS vann konkurransen om å levere aviser i område utan avisbodnett og skal levere aviser laurdagar og kvardagar.

DEL

Måndag vart dei to selskapa kunngjort som vinnarane i anbodskonkurransen til Samferdselsdepartementet.

Frå 1. juli i år blir omdelingsfrekvensen for post halvert frå fem dagar i veka til annankvar dag, som tyder tre dagar éi veke og to dagar neste.

Posten Noreg AS er vald til leverandør av såkalla motsyklisk distribusjon på vekedagane, som inneber levering av abonnementsaviser på vekedagar der posten ikkje lenger blir levert.

Avtalen om laurdagsombering med selskapet Aktiv Norgesdistribusjon AS trer ikkje i kraft før 15. januar 2021. Årsaka er at Samferdselsdepartementet har ein avtale med Easy2You om dette fram til den datoen.

Både kontrakten for laurdagsombering og motsyklisk distribusjon på vekedagane varer ut juni 2022.

– Abonnentane vil få avisene sine akkurat som i dag, samtidig som staten kjøper avisombering rimelegare enn vi la til grunn då konkurransen vart kunngjord. Konkurransen har altså vore bra for både avisabonnentane i distrikta og skattebetalarane. Dette viser at konkurranse verkar, seier samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) i ei pressemelding.

I konkurransen fekk Samferdselsdepartementet tilbod frå dei tre selskapa Easy2You – Logistikk og Transport AS, Posten Noreg AS og Aktiv Norgesdistribusjon AS.

Artikkeltags