IT-problema hos Posten løyst

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Datasystema til Posten og fleire andre selskap var nede gjennom onsdagen, men vart løyste på ettermiddagen.

Hos Posten førte feilen mellom anna til problem med å få utlevert og sende pakkar.

– Vi har hatt dei fleste av datasystema våre nede. Det betyr mellom anna at folk ikkje får henta ut pakkar eller registrert sendingar. Men det er framleis slik at ein kan nytte seg av ei «manuell løysing» og hente ut pakker viss ein har fått SMS med hylleplassering, sa pressesjef John Eckhoff i Posten til NTB.

Feilen oppstod hos IT-leverandøren Evry.

– Vi fekk melding om ein teknisk feil klokka 11.25. Han ramma fleire av kundane våre og fører til forstyrringar i nettverkstilkoplinga. Vi har teknikarar på plass som jobbar på spreng med å løyse dette problemet. Vi beklagar til alle som er ramma av hendinga, sa pressesjef Elise Døvle i Evry.

Rundt klokka 14 kunne ho melde at problema var løyste. Ifølgje VG ramma IT-feilen også e-resept-systemet.

(©NPK)

Artikkeltags