Vestland Arbeiderparti stemte ja til konsekvensutgreiing

DISTRIKT MOT BY: – Det er tydeleg distrikt mot by. Det ligg kanskje i sakas natur at distriktskommunar som har mykje industri knytt opp mot denne typen verksemd har ein annan innfalsvinkel til problemstillinga, seier leiar Geir Dale i Bergen Ap.

DISTRIKT MOT BY: – Det er tydeleg distrikt mot by. Det ligg kanskje i sakas natur at distriktskommunar som har mykje industri knytt opp mot denne typen verksemd har ein annan innfalsvinkel til problemstillinga, seier leiar Geir Dale i Bergen Ap. Foto:

Av

Det er stikk i strid med Bergen Ap og AUF sine ønsker i forkant av årsmøtet.

DEL

Bergensavisen: Søndag stemte det nye fylkeslaget over verning av områda rundt Lofoten, Vesterålen og Senja (LoVeSe).

Berre ein tredjedel av dei røysteføre under årsmøtet stemte mot konsekvensutgreiing.

– By mot distrikt

Lokallaga i Bergen, Sogn og Fjordane og AUF ønskte meir vern inn mot stiftingsmøtet.

SPENNING: Spenninga har vore stor i forkant av Vestland Arbeiderparti sitt stiftingsmøte. Resultatet viste at 50 av 151 stemte for konsekvensutreiing.

SPENNING: Spenninga har vore stor i forkant av Vestland Arbeiderparti sitt stiftingsmøte. Resultatet viste at 50 av 151 stemte for konsekvensutreiing. Foto:

Leiar Geir Dale i Bergen Ap har tidlegare uttrykt at det var eit overveldande fleirtal mot konsekvensutgreiing lokalt.

Men ønsket stod for eit mindretal i redaksjonskomiteen og dissensen blei ikkje vedtatt av årsmøtet.

Dale uttrykker at han vil fortsette å jobbe mot konsekvensutgreiing fram mot nytt stortingsval.

– Ikkje overraska
GRØNT SKIFTE: Leiar Geir Dale i Bergen Ap og fylkesleiar Leonora Hjelle i AUF i Vestland hadde trua på eit grønt skifte i Arbeidarpartiet i forkant av møtet.

GRØNT SKIFTE: Leiar Geir Dale i Bergen Ap og fylkesleiar Leonora Hjelle i AUF i Vestland hadde trua på eit grønt skifte i Arbeidarpartiet i forkant av møtet. Foto:

Han er ikkje overraska over resultatet.

– Det er tydeleg distrikt mot by. Det ligg kanskje i sakas natur at distriktskommunar som har mykje industri knytt opp mot denne typen verksemd har ein annan innfallsvinkel til problemstillinga. Det trur eg speglar resultatet, seier Dale.

Han seier at stiftingsmøtet elles har vore ein politisk verkstad med ein god debatt.

– Eg veit det er ein del skepsis knytt til varig vern, men dette handlar om konsekvensutgreiing, sa fylkesleiar Leonora Hjelle i AUF i Vestland i forkant av avstemminga.

Ho var ikkje overraska over at redaksjonskomiteen ikkje kom til semje.

Artikkeltags