Nominasjonsnemnda i Sp går for toppkandidat frå Hordaland

FØRESLEGEN: Dette kan bli Sps førstekandidat til fylkiestingsvalet i det nye vestlandsfylket; Jon Askeland frå Radøy.

FØRESLEGEN: Dette kan bli Sps førstekandidat til fylkiestingsvalet i det nye vestlandsfylket; Jon Askeland frå Radøy. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITIKK: Radøy-ordførar Jon Askeland er innstilt som toppkandidat for Sp i Vestland fylke. Nominasjonsnemnd har kløyvd seg om kven frå Sogn og Fjordane som skal få andreplassen.

DEL

Sp-bastionen Sogn og Fjordane får ikkje topplassen i listeframlegget nominasjonsnemnda til Hordaland og Sogn og Fjordane Sp no har levert frå seg. Fylket vårt kan også oppleve dragkamp om kven frå vår del av storfylket som skal stå på andreplassen: Aleksander Øren Heen frå Årdal, eller Sigurd Reknes frå Eid.

Noverande fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Gaular), er innstilt på tredjeplass. Ho gjekk ikkje etter topplassen, men ønskte ei plassering høgt på lista. Nyleg opplevde Følling å få sterke åtak mot seg frå delar av Indre Sogn, med påstandar om at ho har vore for samanslåingsvennleg.

Solund-ordførar Gunn Åmdal Mongstad, som har fått stor oppslutnad hos partilag i begge fylka, er føreslegen heilt nede på niandeplass.

Røynd og samlande

Den føreslegne førstekandidaten Jon Askeland, har siste tolv åra vore ordførar på Radøy. Han er i dag også leiar i miljø- og samferdsleutvalet i Hordaland fylke.

– Med si breie erfaring og samlande eigenskapar, sin store arbeidskapasitet og gode kjennskap til heile det nye fylket, er Jon ein klar kandidat til å bli Vestland fylke sin første fylkesordførar, seier leiaren i nominasjonsnemnda, Jakob Bjelland, i ei pressemelding.

Kampvotering?

Eit fleirtal i nominasjonsnemnda stør Aleksander Øren Heen som andrekandidat, medan mindretalet stør Sigurd Reksnes.

Bjelland seier i pressemeldinga at begge er svært solide kandidatar som på kvar sin måte vil bidra med politisk tyngde, engasjement og kompetanse.

Bak Askeland, Øren Heen/Reksnes og Følling følger tidlegare Jondal-ordførar Sigrid Brattabø Handegard, og deretter på femteplass fylkesleiaren i Sogn og Fjordane Senterungdom, Hilde Horpen.

Stort i nordfylket, lite parti i sør

Nominasjonsnemdas framlegg legg opp til at Senterpartiet neste år skal gå til val med toppkandidat frå den delen av storfylket der partiet står svakast. Sp fekk 6,3 prosent oppslutnad i Hordaland ved fylkestingsvalet i 2015, og har i dag fire av dei 57 representantane i Hordaland fylkesting. I Sogn og Fjordane fekk Sp 33,2 prosent av røystene ved valet i 2015. Sp er Sogn og Fjordanes største parti, med 10 av 31 representantar i fylkestinget – der partiet også har fylkesordføraren.

– Prosentmessig står Sp klart sterkast i Sogn og Fjordane. I talet på røyster kjem dei to fylka ut nokså likt, seier leiaren i nominasjonsnemnda, Jakob Bjelland.

Han meiner listeframlegget er nokså balansert.

– Det er fem frå Sogn og Fjordane på dei ni første plassane. Askeland vart føreslegen som leiar fordi han har breiast støtte i nemnda og i lokallaga, seier Bjelland til Firda.

Artikkeltags