Måling: Ap stuper i det nye vestlandsfylket

AP: Ordførarkandidat Marte Mjøs Persen (t.v.) nestleiar i partiet, Hadia Tajik og fylkesordførarkandidat Anne Gine Hestetun.

AP: Ordførarkandidat Marte Mjøs Persen (t.v.) nestleiar i partiet, Hadia Tajik og fylkesordførarkandidat Anne Gine Hestetun. Foto:

Av

Med eit fall på 9,7 prosentpoeng er Arbeidarpartiet den største taparen i Bergen Tidendes måling for den nye fylkeskommunen Vestland.

DEL

Medan nesten kvar tredje vestlending stemte Ap i 2015, er det godt under kvar fjerde av dei som er spurt som seier at dei vil stemme på partiet i dag. Det skriv BT, som for første gong har utarbeidd eit partibarometer for Vestland.

I valet i haust skal nemleg veljarane i Hordaland og Sogn og Fjordane stemme på eit felles fylkesting, før det nye fylket 1. januar 2020 er operativt.

For å kunne samanlikne med tidlegare resultat har Poll of polls berekna kva valresultatet i 2015 ville vore med ei samanslåing av dei to fylka.

Medan Ap mister veljarar, mange til «veit ikkje», styrkar både SV og Raudt seg og ville høvesvis fått fire og to representantar i fylkestinget. Også Senterpartiet styrkjer seg, og vil med 14,5 prosent vere det tredje største partiet i fylket. I Sogn og Fjordane er framleis størst.

Både KrF og Venstre går ned, medan Høgre og Frp veks.

I tillegg har nykommaren Folkeaksjonen Nei til meir bompengar (FNB) gjort det bra på målinga med heile 5,7 prosent, noko som svarer til fire mandat på fylkestinget.

Slik ser målinga ut, med endringar frå 2015 i parentes:

  • Raudt 2,9 (+1,3)
  • SV 6,6 (+1,9)
  • Ap 22,5 (-9,7)
  • Sp 14,5 (+3,3)
  • MDG 2,5 (-2,6)
  • Venstre 4 (-1,1)
  • KrF 4,1 (-3.1)
  • Høgre 22,4 (+2,8)
  • Frp 13,6 (+2,8)
  • FNB 5,7 (+5,7)

Artikkeltags