I oktober skal dei ha klar ny fylkesordførarkjede

NYTT FYLKE: Dette er komitéen som avgjer korleis den nye fylkesordførarkjeda skal sjå ut. F.v. Marianne Ose Askvik, Knut Mykkeltvedt, Åse Bjørnestad Dale, Bjørn Hollevik, Ronny Skaar, Benthe Bondhus, Ingebjørg Erikstad og Åshild Kjelsnes.

NYTT FYLKE: Dette er komitéen som avgjer korleis den nye fylkesordførarkjeda skal sjå ut. F.v. Marianne Ose Askvik, Knut Mykkeltvedt, Åse Bjørnestad Dale, Bjørn Hollevik, Ronny Skaar, Benthe Bondhus, Ingebjørg Erikstad og Åshild Kjelsnes. Foto:

15. oktober tek den nyvalde, første fylkesordføraren for Vestland på seg den nye fylkesordførarkjeda for storfylket.

DEL

Det skjer når det nye fylkestinget møter til høgtideleg seremoni i Håkonshallen, i samband med konstitueringa av Vestlandstinget.

Komitéen som arbeider med å få forma ut den nye fylkesordførarkjeda er no i sluttfasen av arbeidet sitt, og skal ha ei endeleg skisse klar om kort tid.

Hemmeleg

– Vi har diskutert og er samde om det overordna, seier Bjørn Hollevik (H, S&Fj) til fylkeskommunens nettside, etter at komitéen kom saman 14. august.

Men til så lenge, held komitéen korta tett til brystet om kva motiv og symbol som skal bli med i kjeda.

Arbeidet med ny fylkesordførarkjede tok til i april. Etter å ha invitert profesjonelle kunstnarar og sølvsmedar, gav komitéen oppdraget til Fjordsylv AS i Vik og grafisk formgjevar Åse Bjørnestad Dale i Aurland. Ho seier at fylkesordførarkjeda skal bli eit smykke som fortel historier utan ord.

Symbol

– Kjeda skal innehalde mange ting. Ho skal vere stilrein, ha utsjånad, ha symbol, vere enkel og skal kunne sjåast på avstand slik at vi forstår kva det er, seier Bjørnestad Dale, som skal teikne den endelege skissa.

Sjølve kjeda skal lagast av sølvsmed Knut Mykkeltvedt i Fjordsylv AS. Om knapt to månader skal ho takast i bruk.

Artikkeltags