Vil ha Sveinung (32) som Venstre-leiar

FAVORITT: Sveinung Rotevatn er Unge Venstre sin favoritt til å ta over etter Trine Skei Grande. Bildet er frå valvaka på Sunnfjord Hotell i 2017

FAVORITT: Sveinung Rotevatn er Unge Venstre sin favoritt til å ta over etter Trine Skei Grande. Bildet er frå valvaka på Sunnfjord Hotell i 2017 Foto:

Unge Venstre-leiar meiner eidaren kan erstatte Trine Skei Grande. Han peikar også på partikollega Guri Melby (38).

DEL

På landsmøtet i april 2020 skal Venstre velje både partileiar og to nestleiarar. Fram til då ligg det an til rask fornying av leiinga, meiner Sondre Hansmark, leiar i Unge Venstre.

Det skriv VG. Partiet gjorde eit dårleg val og fekk ei oppslutning på 3,8 prosent, og fleire kjelder avisa har snakka med meiner at leiinga i partiet må fornyast.

– Dei skal ikkje få heile skulda for det dårlege valresultatet, men store delar av ansvaret ligg hos partileiinga. Vi bør ha utskiftingar der, seier Hansmark til VG.

Han meiner Sveinung Rotevatn frå Nordfjordeid og Guri Melby frå Orkdal er gode kandidatar.

– Det er eit stort behov for yngre krefter i partileiinga. Dei er også begge liberale og politikarar med klangbotn i Unge Venstre.

Hansmark seier at deira favoritt er Rotevatn. Leiar av valkomiteen før 2020-landsmøtet, Per A. Thorbjørnsen, seier at det skulle berre mangle at dei ikkje har drøfta fornying av partileiinga som har sete saman sidan 2012. Første møte i komiteen er i dag, torsdag.

Sjølv ønskjer ikkje Rotevatn å kommentere saka.

Artikkeltags