Venstre vil ha eiga valliste for nordfylket. Det kan Rotevatn tape på

MISTE MANDATET: Sveinung Rotevatn trekte kortaste strået i kampen om utjamningsmandatet i 2017.

MISTE MANDATET: Sveinung Rotevatn trekte kortaste strået i kampen om utjamningsmandatet i 2017. Foto:

Venstre kjem til å stille to vallister i Vestland fylke ved neste stortingsval – ei for Hordaland og ei for Sogn og Fjordane.

DEL

Dette gjer det truleg litt vanskelegare for Sveinung Rotevatn å kome inn att på Stortinget, skriv Bergens Tidende.

Rotevatn vart nyleg klima- og miljøminister, etter omdanninga som skjedde i regjeringa då Frp gjekk ut av regjeringssamarbeidet.

Han vart stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane i 2013, men tapte utjamningsmandatet til KrF og Tore Storehaug ved 2017-valet.

Vedtaket om å stille separate lister for dei to delane av det samanslegne fylket vart gjort på Venstres fylkesårsmøte sist helg. Delegasjonane røysta kva for seg i denne saka. Dermed måtte begge vore samde, om det skulle blitt fellesliste.

Ifølge BT røysta delegatane frå Hordaland ja til ei felles liste, medan dei frå Sogn og Fjordane sa nei. Avisa skriv at det truleg ville betra nordfjordingen Rotevatn sitt utgangspunkt for å kome inn på Stortinget om han også kunne toppa lista i Hordaland.

Hordaland har i dag seksten representantar på Stortinget, Sogn og Fjordane har fire.

Artikkeltags