Rotevatn forsvarer val av statssekretær

IKKJE EIT PROBLEM: Den nye klima- og miljøministeren seier at han ikkje ser på det som eit problem at Mathias Fischer kjem til rolla som statssekretær etter å ha arbeidd i Try Råd, der han mellom anna jobba med vindkraft for Norsk Vind.

IKKJE EIT PROBLEM: Den nye klima- og miljøministeren seier at han ikkje ser på det som eit problem at Mathias Fischer kjem til rolla som statssekretær etter å ha arbeidd i Try Råd, der han mellom anna jobba med vindkraft for Norsk Vind. Foto:

Av

Sveinung Rotevatn meiner valet av Mathias Fischer som statssekretær hadde vore meir problematisk viss Try Råd ikkje hadde opne kundelister.

DEL

– Det er viktig å ha rom for at folk kan komme inn i politikken sjølv om dei har jobba for ulike selskap, interesseorganisasjonar, foreiningar eller kommunikasjonsbyrå, seier Sveinung Rotevatn (V) til NTB.

– Alternativet er at alle skal jobbe med politikk heile livet.

Det nye klima- og miljøministeren seier at han ikkje ser på det som eit problem at Mathias Fischer kjem til rolla som statssekretær etter å ha arbeidd i Try Råd, der han mellom anna jobba med vindkraft for Norsk Vind.

– Selskapet han jobba i, har opne kundelister. Viss dei ikkje hadde hatt det, så ville det etter mitt syn ha vore meir problematisk, seier Rotevatn.

Artikkeltags