Gunhild Berge Stang vald samrøystes som førstekandidat for Vestland Venstre

LISTETOPP: Gunhild Berge Stang er vald som listetopp for Vestland Venstre, og er dermed deira fremste kandidat til fylkestinget til Vestland fylket frå 2020.

LISTETOPP: Gunhild Berge Stang er vald som listetopp for Vestland Venstre, og er dermed deira fremste kandidat til fylkestinget til Vestland fylket frå 2020. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITIKK: Medan hordalendingar toppar partiliste etter partiliste, har det skjedd eitt unntak: Gunhild Berge Stang på topp hos Vestland Venstre.

DEL

– Eg føler æresfrykt, når eg ser på korleis det er i andre parti. Her har hordalendingane vore spenstige, seier Fjaler-ordførar Gunhild Berge Stang.

No er ho vald som Vestland Venstre sin førstekandidat til fylkestingsvalet. Vestland Venstre hadde nominasjonsmøte denne laurdagen i Førde.

Hittil einaste frå Sogn og Fjordane

Ho er den hittil einaste politikaren frå Sogn og Fjordane som toppar ei partiliste i dei nye fylkespartia som skal tre i kraft når Sogn og Fjordane og Hordaland slår seg saman frå 2020.

Både Ap, Høgre, Sp og KrF har nominert politikarar som representerer Hordaland på sine førsteplassar.

– Dette er eit sikkert teikn på at Vestland Venstre ser heile regionen. Og at det ikkje er kven som kjem frå den største plassen som har betydd noko, seier Berge Stang.

Kan lukte fulltidsjobb som fylkespolitikar

Som listetopp er det ikkje usannsynleg at Berge Stang kan hamne i fylkesutvalet i Vestland fylke, som fort kan nærme seg ein fulltidsjobb som politikar.

– Det er uhyre viktig at regionsreforma blir ein politisk reform, og ikkje ein samanslåingsreform. Det handlar om å ikkje sitte og sutre om at vi ikkje fekk nok, men brette opp ermene for å flytte fleire oppgåver til regionane. Vi må klare å ha Vestlandet i blodårene og utfordre austlandsområdet, seier ho.

– Er du villig til å evetuelt måtte flytte og jobbe med fylkespolitikk på heiltid?

– Korleis det blir er ei praktisk sak som ikkje er avklart enno. Men eg er rimeleg sikker på at det blir lagt opp til at ein kan ha heimeadresse. Her skal ein vere politikar for heile fylket, og ikkje ei kontorrotte, seier Berge Stang.

Nominasjonsnemnda som foreslo Berge Stang på som førsteplass, peika på at ho har solid erfaring som ordførar, fylkestingsrepresentant i Sogn og Fjordane, og medlem av Venstres landsstyre.

«Ho er glad i og har ambisjonar på vegner av Vestlandet. Ho forstår Vestlandet», skriv dei mellom anna.

Artikkeltags