Fekk gjennomslag for redusert nettleige i distrikta

Kurt Jevnaker tok ordet på Venstre-landsmøtet.

Kurt Jevnaker tok ordet på Venstre-landsmøtet. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Venstre sitt landsmøte har i dag slutta seg til oppfordringa frå Sogn og Fjordane.

DEL

Sogn og Fjordane Venstre har fått solid fleirtal for programpunktet «sikre ei utjamning av linje- og nettkostnadane» i stortingsvalprogrammet.

Kurt Jevnaker frå Årdal og Sogn og Fjordane-delegasjonen gjekk på talarstolen i forkant av avrøystinga. Der kom han med denne «kraftsalva»:

– Folk i kraftproduserande regionar sit att med skyhøg nettleige for den norske fornybarsatsinga. Slik kan det ikkje vera. Me ber om at Venstre samlar seg om ei rettferdig utjamning av nettleiga fordelt på alle forbrukarane.

Ifølgje pressemelding frå Venstre-landsmøtet står Sogn og Fjordane står for ca. 10 prosent av den norske kraftproduksjonen, og kvart femte planlagde vasskraftprosjekt ligg i dette fylket.

– Sogn og Fjordane er eit overskotsområde på kraftproduksjon. Likevel betyr store geografiske avstandar og lite folk rekordhøg nettleige i distrikta slik fordelingsmodellen er no, heiter det i pressemeldinga.

Landsmøtet godtok argumentasjonen og tar utjamning av nettleiga inn i programmet for stortingsvalet.

Artikkeltags