Bør det komme eigne pol for hasj? Ja, meiner Rotevatn

POSITIV TIL FORSLAGET: Sveinung Rotevatn er positivt til nytt forslag om regulert sal av cannabis, som skal opp på Venstre sitt landsmøte til helga.

POSITIV TIL FORSLAGET: Sveinung Rotevatn er positivt til nytt forslag om regulert sal av cannabis, som skal opp på Venstre sitt landsmøte til helga. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITIKK: Til helga skal Venstre bestemme seg for om dei er for regulert sal av lettare narkotiske stoff. Statssekretær Sveinung Rotevatn støttar forslaget.

DEL

Det skriv BT.

Regjeringa har allereie sett ned eit utval som skal lage ein rusreform med mål om å behandle, framfor å straffe narkotikabrukarar. Fleire politikarar i Venstre meiner dette ikkje er nok.

Regulert sal

Dei ser for seg å flytte salet av cannabis inn i eigne regulerte butikkar, slik som Vinmonopolet har monopol på vin og brennevin.

– Fleire rusmiddel, som cannabis og LSD, er mindre skadelege enn alkohol. Vi meiner at ein del av dei rusmidla som i dag er forbodne, må regulerast på ein annan måte og vil vurdere sal i kontrollerte former, seier leiar i Unge Venstre, Sondre Hansmark til Aftenposten.

Hansmark står bak forslaget saman med Venstre sin helsepolitiske talsmann Carl-Erik Grimstad og sosialbyråd i Bergen, Erlend Horn.

I forslaget deira går det fram at dei vil klassifisere rusmiddel etter skadepotensial og regulere tilgangen deretter. Ifølge BT vil dette i praksis bety sal av brukardosar av både cannabis, khat og moglegens LSD.

Rotevatn positiv

Sveinung Rotevatn, sentralstyremedlem i Venstre og statssekretær i Justisdepartementet, støttar forslaget.

– Rusreforma vil sørge for at vi sluttar å putte narkomane i fengsel, men den tar seg ikkje av eit anna problem: ein stor, svart marknad med kyniske kriminelle og farlege stoff med ukjent innhald. Då må vi sjå på løysingar også der, seier Rotevatn til BT.

Rotevatn trur ikkje ei legalisering vil føre til særleg høgare bruk, og viser til erfaringar frå USA Canada, der sal av cannabis regulert og skattlagt (i USA gjeld det fleire delstatar).

Sondre Hansmark meiner regulert cannabis-sal kan minke bruken av tyngre stoff, ettersom hasjlangarar gjerne har fleire stoff dei prøvar å tilby kjøparar.

– Du blir ikkje spurt om du vil ha ei flaske sprit i staden, viss du går på polet og skal kjøpe vin, men sånn fungerer det ute på gata. Eg trur sjansen for å gå til tyngre stoff vil vere mindre om ein har ei streng regulering, seier han til BT.

Venstre har landsmøte til helga, og forslaget skal då takast opp.

Artikkeltags