Bjørlo opnar for å gå inn i Venstre-leiinga

NOMINERT: Alfred Bjørlo kan bli ein del av Venstre sin nye leiartrio.
Foto: Ned Alley / NTB scanpix

NOMINERT: Alfred Bjørlo kan bli ein del av Venstre sin nye leiartrio. Foto: Ned Alley / NTB scanpix Foto:

Av

Alfred Bjørlo, den av Norge sine to Venstre-ordførarar med flest veljarar bak seg, er nominerte til å gå inn i partileiinga.

DEL

Venstre skal velje ny leiartrio på landsmøtet i april, og fristen for å nominere kandidatar til valkomiteen går ut førstkommande søndag.

Ifølgje Klassekampen er ordføraren i Stad, Alfred Bjørlo, nominert av den andre Venstre-ordføraren i landet, Lena Landsverk Sande, frå nabokommunen Vanylven. Venstre fekk heile 36,2 prosent oppslutning i Bjørlos kommune, Stad.

Bjørlos moglegheiter kan minske sjansen for Sveinung Rotevatn, rett og slett fordi dei to er sambygdingar. Ei kjelde tett på prosessen rundt å plukke kandidatar til ny leiartrio, seier til Klassekampen at det er lite sannsynleg at valkomiteen i Venstre vil innstille på to av tre kandidatar frå same bygd. Dei to kjem begge frå Eid i Nordfjord.

Overfor Klassekampen understrekar Bjørlo at eit leiarverv, handlar om ei heilskapsvurdering.

– Per i dag er eg valt til ordførar i fire år, og det har eg tenkt å vere. Eg er opptatt av at det skal vere ein open prosess i partiet. Blir eg spelt inn av fleire, så må eg ta ein runde med valkomiteen, seier han.

Trine Skei Grande har vore Venstres leiar sidan 2010, medan nestleiarane Ola Elvestuen og Terje Breivik har hatt verva sine sidan høvesvis 2008 og 2012. Medan Grande har gitt uttrykk for at ho ønsker å halde fram, har nestleiarane til no ikkje uttalt seg om attval.

Venstre vel ny partileiing på landsmøtet til partiet i april neste år, og innstilling til ny leiing skal vere klar til 6. mars.

(©NPK)

Artikkeltags