Her er heile lista til Sunnfjord SV

TOPP 5: Framme frå venstre: Hilde Iren Rivedal, Åsmund Berthelsen, Eldrid Skudal. Bak frå venstre: Helge Schei, Jakob Andre Sandal.

TOPP 5: Framme frå venstre: Hilde Iren Rivedal, Åsmund Berthelsen, Eldrid Skudal. Bak frå venstre: Helge Schei, Jakob Andre Sandal. Foto:

POLITIKK: Sosialistisk Venstreparti har bestemt kven som stiller til val i nye Sunnfjord kommune neste år.

DEL

Dei fem øvste namna vart kjent tidlegare i haust. Åsmund Berthelsen frå Naustdal står på topp og er partiet sin ordførarkandidat. Berthelsen gjorde kom tilbake til politikken ved førre kommuneval med mål om ordførarklubba i Naustdal. Partiet mobiliserte mange veljarar og gjorde eit stort sprang i oppslutning, men det var akkurat for lite til å ta makta.

No går han på igjen i Sunnfjord kommune. Med på laget har han både gamle travarar og nye namn. Nummer to på lista vart vi betre kjend med i eit intervju tidlegare i haust. Hilde Iren Rivedal frå Førde er direktør i NAV og har ambisjonar om å jobbe med både miljø og barnefattigdom.

Magne Aardal er ny SV-leiar

Jakob Andre Sandal frå Jølster og Eldrid Skudal frå Gaular er også godt kjende namn.

På sjuande plass står Mange Aardal frå Jølster. Han er også vald som den første leiaren for det nystifta lokallaget Sunnfjord SV. Med på laget som nestleiar er Tone Otterlei frå Førde. Dei to vart valde på Sunnfjord SV sitt første årsmøte 28. november.

Møtet fungerte også nominasjonsmøte for kommunevallista der dei 33 personane nedanfor vart valde.

SV si liste til kommunevalet i Sunnfjord 2019

1. Åsmund Berthelsen (K) Naustdal
2. Hilde Iren Rivedal (K) Førde
3. Jakob Andre Sandal (K) Jølster
4. Eldrid Skudal (K) Gaular
5. Helge Schei Førde
6. Tone Cirotzki Naustdal
7. Magne Aardal Jølster
8. Tamara Nødseth Førde
9. Rune Tilseth Førde
10. Silja Juklestad Jølster
11. Stig Petterson Naustdal
12. Tone Otterlei Førde
13. Espen Farstad Gaular
14. Turid Langvatn Jølster
15. Idar Senneset Gaular
16. Laila Claussen Naustdal
17. Einar Gautefall Jølster
18. Signy Amundsen Førde
19. Magnar Juklestad Jølster
20. Anne Sagen Gaular
21. Jonas Helge Torsheim Jølster
22. Åse Britt Øygard Jølster
23. Lars Torpe Førde
24. Camilla Voss Naustdal
25. Anders Hegrenes Jølster
26. Liv Jorun Seljevoll Førde
27. Grete Skaar Sunde Jølster
28. Ludvik Slettehaug Naustdal
29. Inger Jangård Jølster
30. Randi Rambjørg Gaular
31. Sissel Hatløy Jølster
32. Guro Langvatn Grønfur Naustdal
33. Jan Tybring Hansen Jølster


Artikkeltags