Venstre-sympatien kan sjå ut til å vere på kraftig retur i Rotevatn og Alfred Bjørlos heimkommune, ifølgje ein analyse Bergens Tidende presenterer over vestlandskommunar der ulike parti har falle mest under stortingsvalet.

Venstre-kommunen

Eid har dei siste åra peika seg ut som sjølve Venstre-kommunen i Sogn og Fjordane, med Bjørlo som ordførar sidan 2011, i tillegg til at han også er sentralstyrerepresentant i Venstre. Etter at Sveinung Rotevatn kom inn på Stortinget på utjamningsmandat i 2013, har Eid også hatt ein av dei fire representantantane på stortingsbenken.

Men årets stortingsval, der Venstre med knapp margin miste utjamningsmandatet til KrF og Tore Storehaug, tyder på at venstrebølgja i Eid er i ferd med å leggje seg. Venstre fekk rett nok ein oppslutnad på 15,6 prosent i Eid. Framleis er dette høgt over landsresultatet. Men tala fortel om ein tilbakegong på heile åtte prosentpoeng frå valet i 2013. Med andre ord ned ein tredjedel.

TV2s talknusar, Terje Sørensen, seier til BT at tala også viser at Alfred Bjørlo ikkje lenger er så populær som han var, og at han har fått mindre dragkraft. Sørensen såg dette på valresultata under kommunevalet i 2015.

Samanslåingsmotstand?

Men om KrF no sikra seg utjamningsmandatet frå Sogn og Fjordane i den nasjonale lotto-liknande fordelinga som utjamningsordninga er, peikar den sterke KrF-kommunen Gloppen seg denne gongen ut med eit liknande fall for partiet som det stupet Venstre fekk i nabokommunen Eid.

I 2013 fekk Gloppen heile 20 prosent av røystene som dengong vart gitt i kommunen under stortingsvalet. Denne gongen gjekk dei tilbake med ti prosentpoeng og landa på eit valresultat på 9,6 prosent.

I samband med kommunereforma inngjekk Gloppen og Eid intensjonsavtale om ei samanslåing det ikkje vart noko av. Seinare vart Eid og Selje samde om å slå seg saman. Denne samanslåinga vart i sommar vedteken av Stortinget.

I BT forklarar talknusar Sørensen KrF-tilbakegangen i Gloppen med at Senterpartiet også her vinn på motstanden sin mot kommunesamanslåing, medan KrF blir straffa for ein valkamp der dei misser veljarar, og ikkje greier å kapre nye.