Høgskulen får ti «krise-studieplassar»

TAR GREP: − Nedturen i oljebransjen har gjort at den omstillinga vi må gjennom, må starte no, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

TAR GREP: − Nedturen i oljebransjen har gjort at den omstillinga vi må gjennom, må starte no, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H). Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

UTDANNING: For å bøte på oljekrisa blir det oppretta 430 nye studieplassar til universitet og høgskular.

DEL

Høgskulen i Sogn og Fjordane får ti studieplassar av dei totalt 430 plassane.

Mange arbeidsledige

Sør- og Vestlandet er hardast råka av nedturen i oljebransjen. Difor får desse regionane hovudvekta av dei nye studieplassane.

− Vi ser at det er fleire arbeidsledige på Sør- og Vestlandet, og mange vil ha behov for meir utdanning for å få ny jobb. Det er nødvendig med kompetanseutvikling for å bidra til eit konkurransedyktig næringsliv og ein effektiv offentleg sektor, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding. 

Vil satse på forsking og kunnskap

Det er regjeringspartia og samarbeidspartia KrF og Venstre som ved behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2016 sette av midlar til dei nye studieplassane ved universitet og høgskular.

− Nedturen i oljebransjen har gjort at den omstillinga vi må gjennom, må starte no. Satsing på forsking og kunnskap er ein føresetnad for ei vellykka omstilling, seier Røe Isaksen.

I tillegg prioriterer regjeringa studieplassar innanfor informasjonsteknologi og helse, blant anna 65 studieplassar i IKT-sikkerheit for å følge opp behov på dette området.

Artikkeltags