Åsmund (66) på 2.-plass på SV-lista

PÅ ANDREPLASS: Åsmund Berthelsen er andrekandidat på SV Vestland si nominasjonsliste.

PÅ ANDREPLASS: Åsmund Berthelsen er andrekandidat på SV Vestland si nominasjonsliste. Foto:

POLITIKK: Fem av seks i nominasjonsnemnda stemde på Åsmund Berthelsen.

DEL

Bergensar Marthe Hammer (39) er førstekandidat til fylkeslista til Vestland SV. Det er forslaget til nominasjonsnemnda for SV i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Åsmund Berthelsen frå Naustdal er føreslått som andrekandidat. Han er opphavleg frå Telemark, har vore sekretær i SV, fylkesleiar i Sogn og Fjordane, varaordførar i Naustdal og er elles både frilufts- og miljømann. Han leiar i dag programarbeidet for nye Vestland SV.

– Det er viktig å stoppe dei store fjordkryssingane og heller prioritere meir midlar til fylkesvegar og rassikring. Å sikre reine fjordar og hindre dumping av tonnevis av gruveavfall er viktig miljøsak. Vi må kunne drive gruvedrift og mineralutnytting utan dagbrot og fjordfyllingar, seier Berthelsen i ei pressemelding.

Aud Kari Isane (58) frå Balestrand er på femteplass, medan Jeffrey Meijer (19) frå Davik er føreslått på plassen bak. Andre frå Sogn og Fjordane er Steinar Øydvin (nr. 10) frå Sogndal, Gaute Losnegard (nr. 14) frå Askvoll, Eldrid Skudal (nr. 19) frå Gaular og Hans Christian Knudsen (nr. 20) frå Sogndal.

– Viss målingane slår til reknar vi med å få inn seks faste representantar i den nye fylkestinget på 65. Då er det flott at Marthe får med seg ei god blanding av erfarne og engasjerte tillitsvalde frå Hordaland og Sogn og Fjordane, står det i pressemeldinga frå nominasjonsnemnda.

Lokallaga kan kome med innspel til listeforslaget før 10. desember.

Nominasjonsnemnda i Sp går for toppkandidat frå Hordaland

Her er Senterpartiets ordførarkandidat i Sunnfjord kommune. Topp fire klare på listeforslaget frå nominasjonsnemnda

Artikkeltags