Gå til sidens hovedinnhold

Statsråden: – Endra samfunnsnytte av Engebøprosjektet gir ikkje grunn til revurdering

Artikkelen er over 3 år gammel

NAUSTDAL: Samfunnsnytten av Engebøgruva var avgjerande, då Miljødirektoratet tilrådde å gi Nordic Mining utsleppsløyve. Men når samfunnsnytten no minkar, avslår miljøstatsråden å opne for ny vurdering.

Dette er haldninga som vart signalisert, etter at KrFs Tore Storehaug onsdag sette Engebøprosjektet og Førdefjorden på dagsorden i Stortingets munnlege spørjetime, og utfordra Klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H). KrF ønsker ny vurdering av fjorddeponiet, sidan føresetnadane for gruvedrifta ved Førdefjorden har endra seg.

KrF-representanten frå Sogn og Fjordane viste til at Miljødirektoratet først sa nei til det omstridde sjødeponiet i 2014, ut frå ei miljøfagleg vurdering, men seinare endra nei til ja etter at den ansvarlege statsråden hadde bede om ei ny vurdering, og der gruva og deponiet vart sett opp mot samfunnseffekten av prosjektet.

– No er føresetnadene endra. Det blir ikkje 50 års drift, men 29. Det blir ikkje 170 tilsette, men 110, og det blir ikkje ti år med dagbrot, men 16. Kor stort slingringsmonn vil ein bruke når ein veg to ulike omsyn opp mot einannan, spurde Storehaug, og la til:

– Korleis vil statsråden sette grense for samfunnseffekt opp mot miljøeffekt?

«Endrar ingen ting»

Statsrådens svar var at dei nye opplysningane i utgangspunktet ikkje endrar nokon ting. Han hevda også at det var dei miljømessige sidene som var avgjerande for at utsleppsløyvet i si tid vart gitt.

– I utsleppsløyvet er det i utgangspunktet teke høgde for at det er uvisse om talet på arbeidsplassar. Ny informasjon vil i utgangspunktet ikkje endre synet vårt. Dei miljømessige konsekvensane vart grundig undersøkte. Ein målte m.a. straumtilhøva i fjorden og fann liten risiko for partikkelspreiing, og fann det lite sannsynleg at deponiet vil ha negative konsekvensar for livet i fjorden utanfor deponiområdet, sa statsråden.

– Dei nye opplysningane er ikkje av ein art som gjer at vi vil endre vårt syn, for det er det miljømessige som har vore viktigast i vurderinga, sa han.

Nyttig mineral

Storehaug gav seg ikkje:

– Vil nedskaleringa av samfunnsnytten, kombinert med auka bruk av dagbrot, bli rekna med i vurderinga og ha nokre følger, når departementet skal ta avgjerd om driftskonsesjonen Nordic Mining enno ikkje har fått?

– Det får vi komme tilbake til, sa Helgesen, og la til at mindre deponering berre vil vere betre for botnen i fjorden.

– Vi snakkar om ein førekomst av rutil som er ein av dei største i Norden, og eit mineral som er nyttig. Dette har ikkje berre negative, men også positive konsekvensar, sa klima- og miljøministeren.

Gruveavfall i Førdefjorden, vern i Dalsfjorden

Statsråden vart utfordra også av Storehaugs partifelle Kjell Ingolf Ropstad. Han ønskte svar på kva som gjer Førdefjorden skikka for 250 millionar tonn gruveavfall, når staten gjer Dalsfjorden, vel ei mil unna, til marint verneområde.

Det gav statsråden ikkje svar på. Men om Førdefjorden sa Helgesen dette:

– Deponiet vil ha effekt der det er, men det er liten risiko for spreiing. Dessutan stiller ein krav om kontinuerleg overvaking. Skulle ein sjå partikkelspreiing, kan ein pålegge stogg i verksemda, sa statsråden.

Giftig stoff

Arne Nævra (SV) ville vite om miljøstatsråden kjem til å syte for at Nordic Mining gjennomfører dei pålagde undersøkingane rundt effekten av stoffet Flotinor SM15, som departementet førebels nektar dei å bruke.

– Vi føreset at undersøkinga blir gjort før gruveverksemda blir sett i gang, svara statsråden.

Ha la til at Nordic Mining ser at det kan bli mindre bruk av dette stoffet enn ein har sett føre seg, eller at dei kan finne alternativ.

– I så fall, kan tida vere ei god hjelp her. Men dette er eit spørsmål vi vil følge opp, slik at vi sikrar minst mogleg miljøkonsekvensar, også når det gjeld dette stoffet, sa klima- og miljøministeren.

Kommentarer til denne saken