Venstre meiner kuttforslag må stoppast

KAN FÅ KUTT: Regjeringa legg opp til kutt til organisasjonar. Det vil gå tungt ut over 4H, her ved regionleiar Åge Avedal og frivilligarbeidar Inger-Margrethe Ellefsplass Sørland.

KAN FÅ KUTT: Regjeringa legg opp til kutt til organisasjonar. Det vil gå tungt ut over 4H, her ved regionleiar Åge Avedal og frivilligarbeidar Inger-Margrethe Ellefsplass Sørland. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

POLITIKK: Regjeringa føreslår å kutte i støtte til organisasjonar. Dette går hardt utover viktige organisasjonar i fylket vårt, meiner fylkesleiaren.

DEL

– Regjeringa sine forslag om kutt til over 30 organisasjonar over Landbruksdepartementet sitt budsjett må stoppast, meiner Gunhild Berge Stang, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre i ei pressemelding.

– Verst vil det gå ut over 4H, med kutt på over sju millionar. Også Bygdekvinnelaget, Bygdeungdomslaget, Natur og ungdom og Ungt Entreprenskap vil miste støtta, saman med mange andre organisasjonar som jobbar med ungdom, landbruk, natur og miljø.

– Viktig for inkludering

Ho peikar på at den viktige jobben mange av organisasjonane gjer ved å tilby lokale aktivitetar og opplæringsarbeid.

– For å ta 4H spesielt, så samlar organisasjonen meir enn 70 lokale lag med 1900 medlemer, først og fremst i ungdomar, berre her i fylket. Veldig mange ungdomar får organisasjonskunnskap gjennom styreerfaring og kurs i 4H, og 4H har stor aktivitet i friluft. I tillegg jobbar organisasjonen for å spreie kunnskap om natur og naturbruk og gjer eit viktig arbeid med å rekruttere til landbruket, seier ho.

Håpar å stoppe forslaget

Ho meiner frivillig sektor er viktig for inkludering, meistring og å førebygge psykiske og fysiske utfordringar. Fylkesleiaren vil no ta saka opp i Venstre med mål om å få dette snudd.

– Eg skal stå på for at dette blir ei av sakene som kjem på lista over dei vi skal forhandle med regjeringa om i høve statsbudsjettet, seier ho.

Artikkeltags